A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Informasjon 10.trinn - skuleåret 2021/2022

Hospiteringa vil for 10.trinn vere i veke 44. 1. og 2.november får dei besøke eit utdanningsprogram, 3.-5.november skal dei skaffe seg jobb som er relatert til studieprogrammet. 

vigo-logo

Elevane vil få info om studieprogramma og komme med ønske om kva studieprogram ein skal hospitere på. Dei fleste elevane hospiterar på Sogndal vidaregåande skule, men det er og mogleg å prøve studieprogram ved andre skular.

Etter elevane har vore ute i hospitering vil me gjennomføre gruppesamtalar på skulen der det er elevar frå ulike studieprogram på same gruppa. Etter jul, når søknaden opnar for elevane i vigo vil alle bli innkalla til ein samtale med moglegheit for hjelp til å søkje i vigo. Me finn då ut om eleven treng fleire samtalar og føresette har moglegheit til å vere med dersom dei ynskjer det. 

Søknadsfristen for ordinære søknader er 1.mars. Søknadsfrist 1.februar er for søkjarar med fortrinnsrett, søkjarar med rett til individuell behandling og minoritetsspråklege søkjarar. Før du søkjer må du skaffe deg MinID eller bankid som du brukar for å logge inn. 

Infosider: 

Rådgjevarsida på heimesida - Luster ungdomsskule kull 2006 | Facebook

Elev - Vestland fylkeskommune

VIGO

Vidaregåande opplæring - vilbli.no

Forside | Utdanning.no

Elevar og føresette må berre ta kontakt om ein lurer på noko eller vil sjå på moglege utdanningsmoglegheiter.

Mona  - tlf 99722349 - mona.kristin.bukve@luster.kommune.no

 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS