Kva skal du velje?
Hospitering veke 44 for 10.klasse elevane
Som 10.klasse elev har du no eit spennande år framfor deg. Det er søknad til vidaregåande skule og eksamen med avslutning på skulegangen i Luster kommune.
Her vil du finne informasjon som kan hjelpe deg vidare.
Me startar opp i veke 36 - der rådgjevar vil komme inn i klassane med litt informasjon. Vidare vil me ha gruppesamtalar der me ser på dei ulike utdanningsprogramma.
Den 12.september er fristen for å velje utdanningsprogramm til hospiteringsveka, forskjellen frå hospiteringa no er at du og kan velje skular andre stadar i fylket, evt utanfor fylket.
I veke 44 blir det to dagar på skule og tre dagar på arbeidsplass tilknytta studieprogrammet du vel.
Vidare vil me ha oppsummeringssamtalar frå hospiteringa og individuelle samtalar i samband med søknad til vidaregåande skule som er i 1.mars.
På gruppa Luster ungdomsskule - kull 2004 vil det komme påminningar og oppdateringar, dette er ei gruppe både for elevar og føresette.