På første samling møtte seks nyutdanna barnehagelærarar for erfaringsutveksling og refleksjonar om ulike relevante tema. Høgskulen på Vestlandet ved Astrid B. Bakken og Marit Uglum bidrog på samlinga med faglege innspel og presentasjon av det statlege programmet «Ny som lærar på Vestlandet». Koordinator for samlingane er Oddbjørg Ese, rådgjevar Oppvekst. Attendemeldingane frå samlinga var at det var flott å ha ein stad å lufta tankar og reflektera saman, fint å kunne ta opp reelle problemstillingar og få god informasjon.
«Det å arrangera slike samlingar er rett og slett ei glede og noko me ønskjer å prioritera. Å ta vare på dei nyutdanna er ei viktig oppgåve for oss som arbeidsgjevar», seier kommunalsjef oppvekst, Knut Åge Teigen, og avsluttar med «at Høgskulen også er med på laget om å støtta dei nyutdanna er ei styrke og me er takksame for at dei bidreg i denne samanhengen.»
Historisk første samling for nyutdanna barnehagelærarar
Guro Gauteplass Lie, Anja Hagen Orrestad, Silje Mikkelsen, Yvonne Gilje, Kristian Tuften, Emma Eikanger Agdal, Marit Uglum (HVL), Astrid Berglid Bakken (HVL), Oddbjørg Ese (rådgjevar Oppvekst)
Som nyutdanna lærar i barnehage eller skule er det mykje å setja seg inn i. Rettleiing til nyutdanna skal bidra til samanheng mellom utdanning og yrke og vera til støtte for den einskilde i oppstarten av ny jobb. Denne hausten er det tilsett så mange nyutdanna barnehagelærarar at Oppvekst har organisert eit felles tilbod om rettleiing for nyutdanna gjennom fire fagsamlingar fordelt på haust- og vårsemesteret.