Om Hafslo barne- og ungdomskule

Hafslo barne- og ungdomsskule er ein 1.-10. skule med 229 elevar og 46 tilsette. Skulen ligg vakkert plassert ved Hafslovatnet i Hafslo sentrum, som ligg 15 min frå kommunesenteret Gaupne og 15 min frå regionsenteret Sogndal. Skulen er i dei siste åra modernisert, og framstår som ein ny og moderne skule. Skulen har partnarskapsavtale med Høgskulen på Vestlandet, og me er både praksisskule og lærarutdanningsskule. Avtalen byggjer på 4 kriterium:

  • fagleg og pedagogisk foregangsskule
  • systematiske i sin tilnærming til forskings- og utviklingsarbeid
  • interessert i samarbeid om utvikling av lærarutdanninga
  • kvalitet i utvikling av rettleiing i praksis

Skulen er stolte over utnemninga for å vere lærarutdanningsskule som i fyrste omgang gjeld åra 2020-2024. 

Skulen jobbar etter PALS-modellen 
PALS er ein skuleomfattende innsatsmodell. Den består av systematiske og effektive førebyggingstiltak som rettar positiv merksemd mot alle skulen sine elever. Alle tilsette legg vekt på positiv involvering og oppmuntring, og dei gir føreseielege reaksjonar på negativ åtferd. Tiltaka bidreg til å redusere talet på elevar med åtferdssproblem og fremjar god sosial og skulefagleg læring.

 

SFO

SFO
I Luster kommune har ein fleire SFO-tilbod for elevane i 1.-4. klasse. Desse delast inn i prosentar, og kvar prosent har ein ulik variant, vist av tabellen under:

SFO held også opent i skuleferiar med ein dagsats på kr. 300,-. I 2023 vert det sommarstenging i veke 28-30.

Hugs å søke på ny plass på SFO for neste skuleår. Søk her: luster.kommune.no 
Søknadsfrist for plass i SFO er 1. februar.

For dei som allereie har plass: 
Oppseiing / endring av plass i SFO må gjerast med ein månads varsel, med verknad frå den 1. kvar månad. Altså; om ein seier opp eller endrar plassen den 15. januar, vil endringa vere gyldig frå 1. mars.

Vi delar SFO i tre grupper om ettermiddagen – grøn, blå og raud. Gruppene fordeler seg over fleire område på skulen (t.d. SFO-avdeling, gymsal, delingsrom), og rullerer på område gjennom veka.

Tilsette
Vi har 12 faste tilsette i SFO, i ulike stillingar.

Kontaktinformasjon

SFO-telefonen: 90 80 92 28
Adm: 57 68 55 20

Skulemiljø

Alle barn har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse og trivsel. Dette har alle tilsette på skulen ansvar for.

§9A i opplæringslova er elevane si arbeidsmiljølov. Det er tydelegare krav og forventningar til kva skulen skal gjera, og reglane skal gjelda både i leksehjelpsordninga og i SFO. Det er lovfesta nulltoleranse mot mobbing.

Skulen si aktivitetsplikt skal sikra elevane eit trygt og godt skulemiljø. Aktivitetsplikta har desse delpliktene:

1. Plikt til å følgja med

2. Plikt til å gripa inn

3. Plikt til å varsla

4. Plikt til å undersøkja

5. Plikt til å setja inn tiltak (aktivitetsplan)

Når du melder frå om at ein elev ikkje har det trygt og godt, skal skulen undersøkja saka, lytta til eleven, samarbeida med føresette og setja inn tiltak når det er behov for det (aktivitetsplan). 

Ta kontakt med skulen; kontaktlærar eller rektor, dersom du opplever at ein elev ikkje har eit trygt og godt skulemiljø. Du kan også kontakta helsestasjonen på telefonnummer 57 68 56 05.

Statsforvaltaren i Vestland
Dersom elev eller føresette seier frå om at eleven ikkje har det bra på skulen, må skulen laga ein skriftleg plan (aktivitetsplan) som seier kva som skal skje for at eleven skal få det trygt og godt. Denne planen har føresette høve til å påverka. Dersom det ikkje har skjedd noko innan ei veke, kan eleven eller føresette kontakta Statsforvaltaren, som vurderer om skulen har gjort det den skal. 

Informasjon frå Statsforvaltaren i Vestland
Ein trygg skuledag utan mobbing

Mobbeombodet i Vestland

Mobbeombodet er eit tilbod til alle barn og unge, og deira foreldre, som opplever å ikkje ha det bra i barnehagen eller på skulen.

Informasjon om mobbeombodet i Vestland

Andre aktuelle nettstader

Utdanningsdirektoratet:
Skolemiljø
Mobbing og mistrivsel – kva skal skolen gjera?
Nullmobbing (nullmobbing.no)

Senter for IKT i utdanningen si nettside om personvern, nettvett og digital dømmekraft:
http://www.dubestemmer.no/

Råd og utval

Samarbeidsutval (SU) / Skulemiljøutval (SMU)

Opplæringslova har eit eige kapittel (kapittel 11) om brukarmedverknad i skulen. Under finn du utdrag frå opplæringslova når det gjeld samarbeidsutval:
Om du vil lese heile kapittel 11 i opplæringslova klikkar du på denne lenkja (Lovdata)

Samarbeidsutval (SU): 

  • Ved kvar grunnskule skal det vere eit samarbeidsutval med to representantar for undervisningspersonalet, ein for andre tilsette, to for foreldrerådet, to for elevane og to for kommunen. Den eine av representantane for kommunen skal vere rektor ved skulen. Elevrepresentantane skal ikkje vere til stades når saker som er omfatta av teieplikt etter lover eller forskrifter, blir behandla i samarbeidsutvalet.
  • Samarbeidsutvalet har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skulen.

 Medlemmer av Samarbeidsutvalet 2023/24:

  • Representantar frå FAU:​
    Eirik Hoem, nestleiar
    Anne Grethe Sønsthagen 
    Ine Jeanett Skjerven
  • Representantar frå Elevrådet: 
    Benjamin Schanke Eikum
    Hans Fredrik Hagelin Moe
  • Representantar frå undervisingspersonalet: ​​ 
    Hilde H. Selland, sekretær, rektor
    Solveig Stende
    Johannes Fredheim Finstad
  • Representant frå øvrige tilsette: 
    Tone Helen Kvalen
  • Representant frå kommunestyret: 
    Olav H. Einan
    Vivian Kvam

Foreldrerådets arbeidsutval (FAU)

Opplæringslova har eit eige kapittel (kapittel 11) om brukarmedverknad i skulen. Under finn du utdrag frå opplæringslova når det gjeld FAU:
Om du vil lese heile kapittel 11 i opplæringslova klikkar du på denne lenkja (Lovdata)

Foreldreråd (FAU):

  • På kvar grunnskule skal det vere eit foreldreråd der alle foreldre som har barn i skulen, er medlemmer.
  • Foreldrerådet skal fremje fellesinteressene til foreldra og medverke til at elevar og foreldre tek aktivt del i arbeidet for å skape godt skulemiljø. Foreldrerådet skal arbeide for å skape godt samhald mellom heimen og skulen, leggje til rette for trivsel og positiv utvikling hjå elevane og skape kontakt mellom skulen og lokalsamfunnet.
  • Foreldrerådet vel eit arbeidsutval. Arbeidsutvalet vel to representantar med personlege vararepresentantar til samarbeidsutvalet. Leiaren for arbeidsutvalet skal vere den eine av representantane.

Foreldregruppa i kvar klasse vel ein klassekontakt og ein vara for denne. Desse to er tillitsvalde foreldre i klassen og har som oppgåve å vere felles kontaktledd mellom foreldre og lærar/ skule. FAU ved Hafslo barne- og ungdomsskule skule består av alle klassekontaktane frå 1. - 10. klasse. FAU møtes fleire gonger i løpet av skuleåret for å jobbe med saker som vedkjem samarbeidet mellom heim/ skule og andre saker som kan betre situasjonen for borna våre. FAU vel eit styre. Frå dette styret møter leiar og nestleiar i samarbeidsutvalet (SU) for Hafslo barne- og ungdomsskule.

FAU skuleåret 2023/24:

  • Leiar:
    Eirik Hoem
  • Nestleiar:
    Ine Jeanett Skjerven
  • Skrivar:
    Lars Olav Halleråker
  • FAU-representantar:
    Anne Grethe Sønsthagen, 1. klasse
    Karin Street, 2. klasse
    Tonje Været, 3. klasse
    Anne Grethe Lomheim, 7. klasse

Tomas Kjørlaug, 8. klasse
Janne Kjørlaug Grønbech, 9. klasse
Linda M. Hagelin, 10. klasse

  • Kasserar:
    Øystein M. Klepsvik, 1. klasse
    Tonje Torgersen, 2. klasse
    Sandhya K. Holene, 3. klasse
    Hanne Loen Stranden, 4. klasse
    Inge Teigen, 5. klasse
    Tom Dyrdal, 6. klasse
    Rebekka Hjørnevik Solheim, 7. klasse
    Inge Teigen, Tom Dyrdal, 8. klasse
    Ingvild M. Kjos, 9. klasse
    Elin Hilleren, 10. klasse
  • Medlemer:
    Linda Tveit Beheim, klassekontakt 1. klasse
    Svanaug Dvergedal Torgersen, klassekontakt 1. klasse
    Kine Torgersen Øygard, klassekontakt 2. klasse
    Helen Wangsvik, klassekontakt 2. klasse
    Anja Renate Buskaker, klassekontakt 3. klasse
    Ann Kristin Torgersen, klassekontakt 3. klasse
    Siri Liestøl Christiansen, klassekontakt 4. klasse
    Ruth Karin Kvam, klassekontakt 4. klasse
    Stine Solvi, klassekontakt 5. klasse
    Magnhild Haugsvær, klassekontakt 5. klasse
    Kjerstin Bremer, klassekontakt 6. klasse
    Nina Bringedal, klassekontakt 6. klasse
    Tom Hjelmeseter, klassekontakt 7. klasse
    Malin Tanita Stave Kolseth, klassekontakt 7. klasse
    Aslaug Øydvin, klassekontakt 8. klasse
    May Toriseth, klassekontakt 8. klasse
    Sandhya Karlsen Holene, klassekontakt 9. klasse
    Karita Nes, klassekontakt 9. klasse
    Janniche Eikefjord, klassekontakt 10. klasse
    Geir Aardal, klassekontakt 10. klasse

Arbeidsoppgåvene for FAU dette skuleåret vert i hovudsak å arrangere aktivitetar i klassane, samt den praktiske gjennomføringa av jule- og sommarfesten.

Årshjul

Håndbok

Vedtekter

Samarbeid med heimen

Hafslo barne- og ungdomsskule ynskjer eit tett samarbeid med føresette som er tufta på likeverd og respekt for kvarandre. Det er viktig at ein kommuniserer godt begge vegar. Dersom det skulle oppstå vanskar, vil tidleg og felles innsats som regel løyse problemet.

Skule-heim. 


Elevane får vekeplan kvar veke via Visma Flyt Skule, og bolkplan m/bolkinfo kvar sjette veke. På desse planane vil ein i tillegg til timeplan, vekemål og lekser, også få informasjon om t.d. turar, konsertar og andre planlagde aktivitetar. Fellesskriv blir sendt heim gjennom Visma.

Når foreldra til eleven ikkje bur saman, sender me heim informasjon til den av foreldra som har det daglege ansvaret. Dersom begge ynskjer informasjon, kan dei gje melding til kontaktlærar om dette.

Føresettportalen - Visma Flyt Skule 
Luster kommune brukar Visma Flyt Skule som skuleadministrativt system. Tilsette og føresette kan logga seg inn den tilhøyrande app`en Foresatteportalen og enkelt senda meldingar mellom heim og skule/barnehage. Føresette loggar inn med ID-porten. 
 
Foreldremøte
Alle klassar har foreldremøte i byrjinga av skuleåret. Då går lærarane i klassen gjennom mellom anna felles reglar og ordensreglement, klassen sine reglar og rutinar, korleis ein arbeider med PALS i klassen, elevane sine rettar i høve til opplæringslova kap. §9A, skulen sine satsingsområde og drøftar foreldresamarbeidet i klassen. 

I løpet av mars/april er det alltid temaforeldremøte på Hafslo barne- og ungdomsskule, i samarbeid med FAU. Alle heimane får skriftleg innkalling gjennom Visma i god tid på førehand. 

 

17.mai-komitè
I Hafslo er det foreldra til 8.klasse som er heile bygda sin 17.maikomitè. Dei pleiar å ha sitt fyrste møte i overgangen februar/mars, og evalueringsskriv og andre aktuelle sakar frå førre år ligg tilgjengeleg på heimesida vår. Overskotet går til studieturen i 10. klasse.

 

Utviklingssamtalar
To gonger i året vert føresette invitert til utviklingssamtale/foreldresamtale saman med kontaktlærar. Eleven kan vere med på heile eller deler av samtalen. Ein går gjennom eleven si mappe og eleven si faglege og sosiale utvikling. Ein set i fellesskap opp mål for vidare utvikling.