18 av 23 lister godkjent til fylkestingsvalet

Fylkesvalstyret godkjente 30. mai 18 lister til fylkestingsvalet til hausten. Det kom inn 23 listeforslag. Fire av dei vart ikkje godkjende, og eitt vart trekt tilbake. Ved valet for fire år sidan vart 17 lister godkjende.

Mange personar sittande i eit amfi.
65 REPRESENTANTAR: Til det nye fylkestinget i Vestland skal det veljast 65 representantar måndag 11. september. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Fylkestinget i Vestland har 65 representantar. 855 kandidatar stiller til val på 18 lister.

Godkjende lister

Desse 18 listene er godkjent (i alfabetisk rekkefølge):

Ikkje godkjende

Fire lister vart ikkje godkjende fordi dei ikkje oppfylte krava i vallova. Dei er

  • Alliansen – Alternativ for Norge
  • Generasjonspartiet
  • Innovasjon- og teknologilisten
  • Kystpartiet

Årsaka til manglande godkjenning er at partia ikkje greidde å samle nok underskrifter. Det er krav om 500 underskrifter av personar som har røysterett ved valet i Vestland for parti som fekk mindre enn 5000 røyster ved førre stortingsval eller mindre enn 500 røyster i valdistriktet.

Til listeforslaget frå Kystpartiet hadde også det utøvande organet til partiet innvendingar mot listeforslaget.

Tilbakekalt

Eitt listeforslag vart trekt tilbake av listeforslagarane: Det er lista til Folkepartiet.

Endra namn

Til fylkestingsvalet har tre parti endra namn sidan valet for fire år sidan. Det er:

  • Demokratene er blitt til Norgesdemokratene
  • Folkeaksjonen Nei til meir bompenger er blitt til Folkets parti
  • Partiet De Kristne er blitt til Konservativt

Nye parti

Fire nye parti stiller liste ved valet. Det er:

  • Bergenslisten
  • Folkestyrelisten
  • Industri- og næringspartiet
  • Partiet Sentrum

    Stiller ikkje liste

Tre parti som stilte liste ved valet for fire år sidan, stiller ikkje liste i år. Det er:

  • Helsepartiet
  • Norges Kommunistiske Parti
  • Piratpartiet

    Valdag

Valdagen er måndag 11. september. I enkelte kommunar også søndag 10. september.

Førehandsrøystinga startar 10. august og varer til 8. september. Det er høve til å røyste på helse- og omsorgsinstitusjonar. Du kan og søkje kommunen din om å få røyste heime.