Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Aktuelt

Sommarles 2021

Kodeord til sommarlesfoteljinga:

1. KAKAOTRE
2. PUMA
3. CONQUISTADOR
4. ITZAMNA
5. TIDSTÅKE
6. HJUL

7. AVSKOGING
8. OBSIDIAN
9. FALK

Sommarles 2021

Bli med på Sommarles 2021!

Frå 1. juni til 31. august kan du som går i 1. til 7. klasse vera med på den kulaste lesekampanjen i Noreg! Delta på Sommarles.no.

Sommarles er ein populær lesekampanje for barn i heile Noreg! For å delta må du lage deg ein profil på Sommarles.no. Om du var med i fjor, kan du bruke same profilen. Her  registrerer du bøkene du les eller høyrer. Du kan få lesetips, løyse oppgåver og følgje med på kva venene dine les. Få med deg den superspennande Sommarles-forteljinga, som er skrive av forfattar Mari Moen Holsve. Dersom du ikkje har tilgang til nett, kan du delta med eit lesekort der skriv alle bøkene. Spør på biblioteket!

For kvar bok du registrerer, får du XP (poeng) og går opp i level. Du kan lese vanlege bøker, e-bøker, lydbøker, teikneseriar, eller nokon kan lesa høgt for deg. Når du registrerer bøker du har lese, får du digitale trofè til profilen din på nettsida. Når du kjem til level 10, 20, 30, 40 og 50 kan du henta premiar på biblioteket.

Sommarles 2021

Smittevern og opningstider

Folkebiblioteket er ope for lån og levering. I høve smittevern er besøk i biblioteket regulert etter ulike brukargrupper.
Allminneleg opningstid:
Tysdag og onsdag kl 11-15, torsdag kl 11-16, fredag kl 11-15, laurdag kl 11-14.

Skuleklassar og barnehagegrupper er velkomne etter avtale:
Tysdag - fredag: kl 09-11.
Biblioteket er stengt for andre brukarar på desse tidene. Avtale kan gjerast på telefon eller epost: 57 68 56 53        bibliotek@luster.kommune.no

 

Covid

Diktbase og sangindex

Leitar du etter eit godt dikt til ei spesiell anledning eller lurer du på kva bok eit spesielt dikt står i? På våren har biblioteket stor etterspurnad etter dikt som skal brukast til konfirmasjon og høgtider. Elverum bibliotek har eit godt verkty for å finne fram: Her kan du søke i "Diktregisteret".

Til vanleg finn du Diktregisteret under "Søketenester" i toppmenyen. Her finn du også lenke til "Sangindex" som er ein eigen base for viser og sangar.

Diktregisteret

Bookbites

App for å låne e-bøker

Appen BookBites gir tilgang til å lese og høyre e-bøker frå biblioteka i Vestland. Meir informasjon finn du her.

Bookbites

Opningstider

Måndag:    Stengt
Tysdag:      11-15
Onsdag:     11-15
Torsdag:     11-16
Fredag:      11-15
Laurdag:     11-14
Sommartid frå veke 26:
tysd-fred kl 11-15. laurd kl 11-14

 

 

 

Kva skjer?