Forskrift om jaktreglar for Nesastølen, Austedalen, Langedalen aust sameige, Luster kommune, Sogn og Fjordane.

DatoFOR-1987-09-03-779
PublisertII 1987 s 397
Ikrafttredelse03.09.1987
Gjelder forLuster kommune, Vestland
HjemmelLOV-1981-05-29-38-§29
KorttittelForskrift om jaktreglar, Luster

Fastsett av Direktoratet for naturforvaltning 3. september 1987 med heimel i lov om viltet av 29. mai 1981 nr. 38 § 29.

§ 1.(omfang, område)

1.1 Jaktreglane gjeld alle jakt- og fangstrettar, i Nesadalen, Austedalen, Langedalen aust sameige tilhøyrande gnr. 131, Neset, gnr. 133, Hillern og gnr. 132/bnr. 1, Vetle Heggestad (sistnemde, 132/1, har berre jakt- og fangstrett i Langedalen aust) i Luster kommune.
1.2 Overnemnde sameige femner om det geografiske område som er avgrensa på kart i målestav 1:50.000, datert 28. august 1987, med Direktoratet for naturforvaltning sitt stempel datert 3. september 1987.
1.3 Er det tvil om eit bruksnummer under overnemnde gardsnummer har jakt- og fangstrettar i sameiga, skal jaktstyret arbeide for å få klårlagt dette.
1.4 Viser det seg at eit utskilt bruksnummer ikkje har slike rettar, skal vedkomande bruk sin tidlegare utrekna andel av jakt- og fangstrettanae i sameiga tilbakeførast til det bruksnummer det opphaveleg vart utskilt frå.

§ 2.(formål, målsetting)

Forvaltninga av jakt- og fangstrettane i sameiga skal ha fylgjande målsetting:

1. Gjennomføre planmessige og tidsaktuelle vilttiltak for å auke jaktutbyttet og den økonomiske avkastninga av jakt- og fangstrettane i sameiga.
2. Utøve jakt og fangst på ein måte som tek rimelege omsyn til viltbestanden og som er i samsvar med god jegerskikk, humane jaktformer og dyrevernmessige omsyn.
3. Arbeide for at jaktreglane og viltlova vert respektert og syte for at brot på reglar og lovverk vert påtala og eventuelt meldt.
4. Arbeide for at jaktpotensialet i sameiga kjem eit rimeleg tal jegerar til gode.

§ 3.(val av jaktstyre og revisor)

3.1 Jakt- og fangstrettane i sameiga skal forvaltast av eit jaktstyre på fem medlemmer med to varamedlemer.
3.2 Årsmøtet vel medlemer, varamedlemer og eventuelt revisor for to år av gongen. Årsmøtet avgjer om årsmøtet sjølv skal velje leiar og nestleiar, men i så fall skal valet gjelde til neste årsmøte. Årsmøtet avgjer også om det eventuelt skal veljast revisor.

§ 4.(jaktstyret sine oppgåver)

4.1 Jaktstyret skal føre møtebok over forhandlingar og vedtak i styret.
4.2 Jaktstyret sine vedtak må ha tilslutning frå minst tre styremedlemer for å vere gyldige. Jaktstyret vert plikta ved underskrift av leiaren saman med nestleiaren eller sekretæren.
4.3 Jaktstyret skal konstituere seg seinast tre veker etter årsmøtet og sjølv velje leiar og nestleiar for eit år om gongen dersom desse ikkje er valde av årsmøtet.
4.4 Jaktstyret avgjer om det også skal veljast sekretær, kasserar, eller mindre arbeidsutval mellom styremedlemene, og fastset mandat og funksjonstid for desse.
4.5 Jaktstyret skal innkallast når leiaren eller minst to av styremedlemene ynskjer det, og då med minst ei vekes muntleg eller skriftleg varsel. Er det foreteke muntleg innkalling, kan eit styremedlem krevje utsetjing eller ny handsaming av saker det er usemje om. Skriftleg innkalling kan då krevjast.
4.6 Jaktstyret skal forvalte jakt- og fangstrettane i samsvar med viltlova, jaktreglane og fullmakter eller pålegg av årsmøtet. Jaktstyret kan under jakta syte for kontroll av jegeravgiftskort, attestert skyteprøve, felte dyr og at jaktreglane elles vert fylgde.
4.7 Jaktstyret sitt arbeidsår og rekneskapsår, skal fylgje kalendaråret. Jaktstyret skal utarbeide årsmelding, rekneskap, budsjett og arbeidsprogram som årsmøtet skal handsame. Årsmøtet kan frita jaktstyret for ei eller fleire av sistnemnde oppgåver.

§ 5.(årsmøtet)

5.1 Leiaren for jaktstyret skal med minst tre vekers varsel innkalle alle heimelshavarane med jakt- og fangstrettar i sameiga til årsmøte.
5.2 Innkallinga skal vere skriftleg og ved oppslag. Innkalling og oppslag skal innehalde tid, stad og sakliste for årsmøtet. Vedtak i saker som ikkje er oppført på saklista krev minst 75 % av dei totale røystepartane i sameiga for å vere gyldige.
5.3 Årsmøtet skal haldast innan 2. påskedag. Årsmøtet avgjer sjølv om det skal haldast årsmøte kvart år eller annakvart år.

§ 6.(ekstraordinært årsmøte)

6.1 Leiaren for jaktstyret skal innkalle til ekstraordinært årsmøte når jaktstyret eller minst halvparten av heimelshavarane med jakt- og fangstrettar i sameiga krev det.
6.2 Jaktstyret fastset tid, stad og sakliste for ekstraordinært årsmøte. Innkallinga, inkludert saklista, skal vere skriftleg og med fire vekers varsel. Berre saker som er oppført på saklista kan handsamast på ekstraordinært årsmøte.

§ 7.(røysterett, fullmakter m.m.)

7.1 Alle heimelshavarar med jakt- og fangstrettar i sameiga har røysterett og kan veljast til alle tillitsombod.
7.2 Overnemnde heimelshavarar kan la seg representere ved fullmektig. Eventuell fullmakt skal vere skriftleg og gje opplysning om gnr./bnr., heimelshavar(ar), omfang, det tidsrom fullmakta gjeld og eventuelle avgrensningar av fullmakta.
7.3 Ein fullmektig kan veljast til alle tillitsombod under føresetnad av at fullmakta uttrykkeleg fastset dette, og at fullmakta er bindande for heile den aktuelle valperioden.

§ 8.(reglar for røysting)

8.1 Røystefør heimelshavar – eller hans fullmektig – skal ha ein røystepart lik den prosentvise parten av skyld – avrunda til ein desimal – der samla skyld for sameiga vert sett til 100 %.
8.2 Årsmøtet sine vedtak må ha ei tilslutning på minst 50 % av dei totale røystepartane i sameige for å vere gyldige. Vedtak i saker som ikkje er oppført på saklista krev ei tilsvarande tilslutning på minst 75 %.
8.3 Årsmøtevedtak som har mindre enn 25 % tilslutning – rekna etter tal røysteføre heimelshavarar – må ha ei tilslutning på minst 75 % av røystepartane – rekna etter skyld – for å vere gyldige.

§ 9.(årsmøtet sine oppgåver)

Årsmøtet vert styrt av leiaren i jaktstyret. Forhandlingar og vedtak skal innførast i jaktstyret si møtebok. Årsmøtet skal:

1. Handsame innkalling, sakliste og skriftlege fullmakter.
2. Velje sekretær og to personar som saman med leiaren skal underskrive møteboka.
3. Handsame årsmelding, rekneskap, budsjett og arbeidsprogram, og eventuelt ta standpunkt til om jaktstyret skal fritakast for ei eller fleire av desse oppgåvene, jamfør § 4, pkt. 4.7.
4. Velje eit jaktstyre på fem medlemer med to varamedlemer for to år om gongen. Personar som har vore styremedlemer i meir enn to valperiodar kan be seg fritekne for neste valperiode.
5. Ta standpunkt til om årsmøtet skal velje leiar og nestleiar, eventuelt revisor, jamfør § 3, pkt. 3.2, og eventuelt velje desse.
6. Handsame andre saker som jaktstyret eller årsmøtedeltakarane ynskjer å ta opp.
7. Handsame andre saker som jaktstyret eller årsmøtedeltakarane ynskjer å ta opp.

§ 10.(jakt og fangst av småvilt)

10.1 Jakt og fangst av småvilt kan utførast av ein person om gongen for kvart bruksnummer som har jakt- og fangstrett i sameiga. Årsmøtet fastset ei årleg avgift for dei bruksnummer som eventuelt vil utnytte retten til jakt og fangst av småvilt.
10.2 Heimelshavarar som vil la andre personar nytte sine rettar etter § 10.1 ovanfor, skal utstyre vedkomande med eit skriftleg løyve lydande på namn og gje melding til jaktstyret om dette.

§ 11.(hjorteviltjakt)

11.1 Jaktstyret skal arbeide for at størst mogeleg del av sameiga sitt areal vert godkjent som tellande areal for dei arter av hjortevilt som det er høve til å jakte på.
11.2 Jaktstyret skal disponere både det tellande areal og det øvrige areal i sameiga på ein slik måte at det gjev optimalt utbytte for rettshavarane og rasjonell forvaltning av hjorteviltet i området.
11.3 Jaktstyret kan gjere avtaler om samanslåing av sameiga sitt areal med tilgrensande areal for å kunne skipe høvelege hjorteviltvald og nå målsettinga i § 11.1 og § 11.2. Jamfør også § 12.4 og § 14.3.

§ 12.(utleige og overdraging av jakt- og fangstrettar)

12.1 Årsmøtet avgjer om retten til jakt- og fangst av småviltartar skal leigast bort under eitt. Ved eventuell utleige skal denne retten omfatte alle viltarter som det er lovleg å jakte på med unntak av hjortevilt.
12.2 Årsmøtet avgjer om retten til jakt på hjortevilt skal leigast bort.
12.3 I tilfelle jakt- og fangstrettane vert utleigt etter § 12.1 og/eller § 12.2, skal heimelshavarar med jakt- og fangstrett ha fortrinnsrett til å leige dei aktuelle rettane på same vilkår som kan opnåast ved utleige til utanforståande. Dersom meir enn ein heimelshavar gjer fortrinnsretten gjeldande, skal høgstbydande få tilslaget. Ved like tilbod vert saka avgjort ved loddtrekning.
12.4 Eventuelle avtaler som jaktstyret har gjort etter § 11.3 gjeld for leigetakar. Eventuelle endringar må godkjennast av jaktstyret.
12.5 Avtaler om bortleige av overnemnde rettar skal vere skriftlege, maksimal utleigetid må ikkje vere meir enn 10 år. Eventuell framleige av dei aktuelle rettane krev godkjenning av jaktstyret. Gjeld ein avtale for meir enn 5 år skal jaktstyret gje viltnemnda melding i samsvar med § 28 tredje ledd i viltlova.
12.6 Årsmøtet avgjer om jakt- og fangstrettane skal kunne overdragast til eit grunneigarlag eller ein liknande samskipnad.

§ 13.(utgifter, inntekter, utbyttedeling)

13.1 Jaktstyret skal føre rekneskap som skal leggjast fram for årsmøtet. Underskrift av leiaren saman med nestleiaren eller sekretæren er økonomisk bindande for sameiga.
13.2 Til dekking av startkapital, utjamningsfond eller eventuelle underskot kan årsmøtet utlikne ein turvande sum – etter prosentvis del av skyld – på heimelshavarane med jakt – og fangstrett i sameiga.
13.3 Årsmøtet kan fastsetje at ein viss del av overskotet – etter at jaktstyret sine driftsutgifter er dekka – skal gå til vilttiltak, viltskadeforebyggande tiltak, andre felles tiltak i sameiga eller til eit utjamningsfond som kan dekke eventuelle framtidige underskot.
13.4 Overskot som ikkje vert disponert etter § 13.3 skal delast mellom overnemnde heimelshavarar etter prosentvis del av skyld.
13.5 Årsmøtet avgjer om det skal kunne nyttast hund i samband med småvilt- og storviltjakt, eventuelt kva for hunderasar som skal kunne nyttast og fastset eventuell avgift for bruk av hund, t.d. ved sal av jakthundkort lydande på hunden sitt namn og eigar.
13.6 Dersom jaktrettane til hjortevilt ikkje vert leigd bort, kan overnemnde heimelshavarar – på friviljug basis og ved minneleg ordning – gjere ein muntleg eller skriftleg avtale om deling av utgifter, (fellingsavgifter m.m.) utbytte i form av felte dyr, organisering av jakt og jaktinnsats m.m.
13.7 Dersom det ikkje vert semje om minneleg ordning skal nettoutbytte i form av pengar delast etter skyld og utbytte i form av kjøt etter fylgjande prinsipp:
a.Hovud, skinn og innmat skal gå vederlagsfritt til den som felte dyret.
b.Slaktet (utan hovud, skinn og innmat) skal delast i 4 partar, såkalla kvartingar, som skal auksjonerast bort mellom heimelshavarane som har jakt- og fangstrettar i sameiga.
c.Halvparten av inntekta (grunneigardelen) ved auksjonen skal gå til fordeling mellom overnemnde heimelshavarar etter prosentvis del av skyld.
d.Halvparten av inntekta (jegerdelen) ved auksjonen skal gå til intern fordeling mellom medlemene i jaktlaget dersom det er skipa jaktlag.

Deltakarane i jaktlaget avgjer sjølve korleis deira halvpart av inntekta skal fordelast internt, tildømes utifrå den einskilde sin innsats i jaktlaget i form av tal jaktdagar, deltaking som drivar, transport av kjøt osv.

e.Ved individuell jakt – dersom det ikkje er skipa jaktlag eller dersom einskildpersonar til visse tider har høve til å jakte åleine utan at jaktlaget er i funksjon – kan ingen einskild jeger få utbetalt meir enn 25 % av den totale inntekta, dvs maksimum halvparten av jegerdelen. Jaktlaget – dersom slikt er skipa – kan fråvike denne prosentsatsen. Dersom jaktlag ikkje er skipa, kan heimelshavarane fråvike denne prosentsatsen.
f.Rettleiande kilopris ved auksjon av kvartingar skal tilsvare gjeldande noteringspris for storfekjøt, okse klasse I normal, minus distriktstillegg.
g.Jaktstyret kan avgjere at slaktet skal seljast til andre dersom ingen av overnemnde heimelshavarar byr meir enn halvparten av rettleiande kilopris.

§ 14.(organisering av hjorteviltjakt og jaktlag)

14.1 Dersom det er full semje mellom heimelshavarane med jakt- og fangstrettar i sameiga, kan desse gjere muntleg eller skriftleg avtale om organisering av hjorteviltjakt og jaktlag på fritt grunnlag og ved minneleg ordning. Skriftleg påmelding til hjorteviltjakta skal heimelshavarane sende jaktstyret innan 15. august. Jaktstyret organiserer jaktlag og tilviser jaktfelt og jaktperiodar på grunnlag av dette.
14.2 Dersom minneleg ordning ikkje vert oppnådd, skal organisering av hjorteviltjakt og jaktlag gjennomførast etter fylgjande prinsipp:
a.Jaktstyret skal syte for at hjorteviltjegerane vert organisert i eit eller fleire jaktlag med ein ansvarleg jaktleiar for kvart lag. Vert det skipa meir enn eit jaktlag skal jaktstyret tildele kvart jaktlag jakttidsperiodar, jaktfelt eller kombinasjonar av desse.
b.Kvart bruksnummer med jakt- og fangstrettar i sameiga skal ha rett til å delta med minst ein hjorteviltjeger.
c.Heimelshavaren skal innan 1. april melde frå til jaktstyret om han vil nytte denne retten. Skriftleg melding vert kravd dersom heimelshavaren vil overføre retten til ein annan person, og i så fall skal namn og adresse på vedkomande person vere påført.
d.Jaktstyret kan disponere overnemnde rett dersom heimelshavar ikkje finn å ville nytte han.
e.Dersom det pr. tildelt fellingsløyve er meir enn ti jegerar som ynskjer å delta i jaktlag, kan jaktstyret fastsetje ei øvre grense – større enn ti – for tal jegarar som kan delta i vedkomande jaktsesong. I så fall skal jeger frå det bruksnummer som har minst prosentvis skyld gå ut først og deretter det med nestminst skyld osv. Bruksnummer som på denne måten vert utelukka, har fortrinnsrett neste jaktsesong.
f.Dersom det pr. tildelt fellingsløyve er mindre enn ti jegerar som ynskjer å delta i jakta, kan jaktstyret gje løyve til at inntil ti jegarar deltek. Bruksnummer med høgste prosentvis del av skyld får tildelt første ekstrajeger, deretter det med neststørste osv.
14.3 Dersom jaktstyret gjer avtale i samsvar med § 11.3, skal jaktstyre om naudsynt utarbeide og fastsetje tilsvarande ordning etter same prinsipp som er nemnt i § 13.7 og § 14.2 ovanfor.

§ 15.(iverksetting, straffereglar)

15.1 Denne forskrifta trer i kraft 3. september 1987. Ved brot på viltlova, forskrifter til viltlova, jaktreglane eller avtaler og påbod i medhald av jaktreglane, kan jaktstyret gjere vedtak om at vedkomande skal utestengjast frå all jakt og fangst i sameiga i inntil 3 år.