A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Tysdag 9.april, tema: Språkutvikling, lesing og lekser

Foreldremøte - oppsummering/referat

Me er godt nøgde med gjennomføringa og tilbakemeldingane på tema-foreldremøtet tysdag om språkutvikling, lesing og lekser. Her følgjer ei oppsummering.

Først ei beklaging frå rektor/styrar: Eg ser i ettertid at informasjon om kva møtet skulle handle om og korleis det vart organisert, kunne ha vore kommunisert tydelegare i forkant. På oppmøtet (som elles var veldig bra!) såg det ut til at ein del av foreldra til dei eldste elevane på skulen hadde fått inntrykk av at møtet var retta mot barnehage og småskuletrinnet. Det beklagar eg, og vil ta det med ved planlegging av neste møte.

Målsettinga med møtet var drøfta med Samarbeidsutvalet, og i tråd med ønskje som har komme fram tidlegare: Språkutvikling, lesing og lekser.

Me hadde fire stasjonar, og etter ein kort introduksjon frå rektor/styrar, vart alle foreldre + dei tilsette som ikkje var på stasjonane delt i fire grupper. Kvar gruppe var på kvar stasjon i eitt kvarter, då ringte Mette med skuleklokka, og alle bytte stasjon. Dette sikra at tida i alle fall vart nytta effektivt, og at alle foreldre møtte noko som hadde direkte med deira barn å gjere.

Dei fire stasjonane var:

  1. Oddbjørg og Anne Kristin hadde om korleis barnehagen jobbar med språkstimulering gjennom lesing, spel, leik og kvardagssamtale (m/tips til korleis foreldre òg kan gjere dette), og om fagområdet  "Kommunikasjon, språk og tekst" i Rammeplanen for barnehagen.
  2. Ruth og Else Marie snakka hovudsakleg om den første leseopplæringa, tips til lesing med ungar som held på å lære å lese, eksempel på korleis ein kan jobbe med omgrepslæring gjennom å lese i lag, og synte korleis ein som vaksen hjelper barnet med leseforståing.
  3. Mette snakka om lesestrategiar som er grunnleggande for lesing i alle fag. For å klare å lære frå det du les, må du ha gode lesestrategiar. Ho gjekk òg gjennom vekeplanen til dei eldste elevane, og forklarte kor viktig dette dokumentet er i elevane sitt læringsarbeid: Her skal dei få høve til å planlegge det sjølvstendige arbeidet sitt, dei skal vurdere om dei har GJORT alle arbeidsoppgåvene, og dei skal forklare omgrepa i LÆRE-kolonna heime for å finne ut om dei har LÆRT det dei skal. Dokumentet er samtidig meint å gje foreldra innblikk i kva elevane driv med og lærer på skulen frå veke til veke.
  4. Marie synte fram og forklarte eksempel frå kartleggingsprøver på småskuletrinnet og frå nasjonale prøver i lesing for 5. og 8.trinn for å gje innblikk i kva som faktisk vert forventa av elevane sin lesedugleik på dei ulike trinna. Dette har forandra seg mykje berre sidan foreldregenerasjonen gjekk i grunnskulen, og gjenspeglar eit auka krav til lesedugleik i samfunnet generelt, og i arbeidslivet - dette kravet gjeld i dag alle profesjonar.
Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS