Habiliteringskonferansen 2011 i regi av Vaksenhabiliteringa hadde ”den vanskelege diagnosen” som tema. Konferansen samla deltakarar frå heile fylket.

Gjennomføringsplanen for prosjektet vert presentert
Torsdag 27. oktober deltok John Havellen, Ken Jarle Johansen og Odd Atle Stegegjerdet frå ATS Luster saman med Roland Schwarz med eit innslag om EU-prosjektet ”Auch wir arbeiten in Europa” – ”Også vi arbeider i Europa”.
Prosjektet har som føremål å kartleggja vilkåra for arbeid for yrkeshemma i dei fire deltakarlanda, og om mogeleg bidra til ei utvikling på feltet.
Prosjektet er nærare presentert på ATS Luster sine sider på nettet.

Frå venstre Ken Jarle Johansen, Roland Schwarz og John Havellen på scena under konferansen i Loen.