Avregistrerte bilar er rekna som avfall i medhald av lov om vern mot forureining og om avfall (forurensningsloven) § 27, og skal leverast til godkjent mottak etter avregistrering. Kommunen som ureiningsmynde kan i medhald av forurensningsloven §§ 37 og 74 utføre oppryddinga på eigar si rekning.
Etterlyser eigarane av ein avregistrert bil og hengarar med motordeler
Luster kommune ber eigar av ein avregistrert bil, Audi TT, samt hengarar med motordeler om å fjerne dei innan to veker gjeldane frå 14. mai 2024. Bil og hengarar er plassert på kommunal eigedom på parkeringsplass på Grindane (sjå kartutsnitt).
Om bil og hengarar ikkje er fjerna innan fristen, vil Luster kommune gå vidare med saka.