Luster eldreråd og Folkeakademiet Luster samarbeider om arrangementet og inviterer lustringar 60+ til ei triveleg stund i lag. 
Det blir litt allsong, konsert med Steinar Engelbrektson og Sissel Lunde Sundby på vokal, ordførar og rådmann informerer om aktuelle saker, særleg om helse- og omsorg mot 2030.

Tradisjonell eldredagsservering med gryterett, kaffi og blautkake.

Påmelding innan 24. sept til tlf. 57 68 55 00 eller epost til postmottak@luster.kommune.no
 

Steinar Engelbrektson er ein norsk countryartist som kjem frå sjølvaste countrykommunen Gloppen i Nordfjord. Han starta si musikalske karriere allerede i 1979, og har etter kvart arbeidd seg opp til å bli ein av landets fremste countryartistar. Han har spelt på dei fleste festivalscenene rundt om og gjeve ut fleire plater. Dei mest kjende songane frå han er kanskje «På grunn av bagateller», «Heim til Nordfjord» og «Om englar finns» og «Ikkje gje opp håpet». Steinar er også sterkt involvert i tilrettelegginga av Gloppen demenskor.

Steinar Engelbrektson duo, med han sjølv og Sissel Lunde Sundby på vokal, vil halde konsert på sjølve eldredagen den 1. oktober. 
I tillegg tilbyr Folkeakademiet Luster solokonsertar med Engelbrektson på dei tre omsorgssentra våre måndag 30.september.