Plan- og forvaltningsutvalet i Luster kommune har i møte 03.11.22 (sak PFU-85/22) gjort følgjande vedtak i sak om områdereguleringsplan Fonndøla – Hausamoen:
- I medhald av plan- og bygningsloven § 12-10 vedtek plan- og forvaltningsutvalet i Luster kommune å leggje forslag til detaljreguleringsplan Fonndøla - Hausamoen ut til offentleg ettersyn.
- Plan- og forvaltningsutvalet tek til vitande at planforslaget er omfattande og har kome til kommunen kort tid før møte i utvalet. Utvalet vedtek difor at administrasjonen får fullmakt til å gjere mindre endringar før saka vert sendt ut, men understrekar at ein stør rådmannen sin vurdering i saka og omsynet med reguleringa.
Planen legg opp til næringsetableringar i form av regulert areal til industri, næringføremål og massetak/ steinbrott. Det vert vist til vedlagte dokument for ytterlegare informasjon om planforslaget.
Det har vore utarbeidd planprogram for denne planen som vart vedteke i plan- og forvaltningsutvalet 28.01.2021. Planforslaget bygger på dette planprogrammet.
Det skal understrekast at i sluttvurderingane har planen vorte endra frå ein detaljreguleringsplan til ein områdeplan, då det er stilt plankrav før utvikling av delar av området.
Plandokument
Har du merknad?
Ev. merknader må sendast på elektronisk høyringsskjema ev. epost postmottak@luster.kommune.no eller per post til Luster kommune, Postboks 77, 6866 Gaupne, innan fredag 20. januar 2023.
Tidlegare handsaming: Varser om oppstart av planarbeid. Frist for innspel 11.01.21.
Føremålet med planen er ikkje i samsvar med gjeldande arealdel til kommuneplanen, og kommunen har difor utarbeidd planprogram for planarbeidet. Planpreogrammet vart handsama i plan- og forvaltningsutvalet i kommunen 12. november 2020, og vart vedteke sendt til høyring saman med varsel om oppstart.
Det vert vist til planprogrammet vedlegg 1 for ytterlegare informasjon om bakgrunn for planarbeidet, storleik på planområdet med meir.
Vedlagt er også saksutgreiinga frå sak 65/2020. Overskrifta i saksframlegget vart Reiarmoen – Hausamoen ved ein feil. Rett tittel er altså Fonndøla – Hausamoen.
Merknadar og innspel til oppstartsvarsel og planprogram kan sendast på epost til post@luster.kommune.no ev pr. post til Luster kommune, postboks 77, 6866 Gaupne innan måndag 11. januar 2021.