A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Barnehagen dreg på tur tysdag 18.juni kl 9

BARNEHAGEDAGAR PÅ MUSEET

Alle må vere komne og klare til avreise kl 9. Kvar unge tek med ein sekk med matpakke og drikke flaske, litt kle og bleier for dei som treng det. Barnehagen tek med ekstra drikke. Viktig å kle seg etter været. Me er attende i barnehagen seinast kl 15. Meir informasjon om turen på vedlegg.

 

Til barnehagane
 
BARNEHAGEDAGAR PÅ MUSEET 17., 18., OG 19. JUNI 2013
 
 
NÅR DE KJEM TIL MUSEET:
Det er svært viktig at de først går til resepsjonen og får med dykk eit kart over området, som viser kor dei ulike aktivitetane er
 
TIMEPLAN:
Som vedlegg til dette skrivet har vi laga ein ”timeplan”, der dei ulike barnehagane er sett opp på ulike aktivitetar til ulike tidspunkt. Som vanleg vert det køyring med hest og vogn. Då dagen er lang og hard for hesten vår, må vi be om at det ikkje vert med meir enn ein vaksen på kvar køyretur. Som tidlegare år vert det og smaksprøve på tradisjonsmat. Dessutan vil de få høyre eventyr i ei av dei gamle stovene, og det vil vere hopp i høyet og høve til å sjå på dyra på museumsgarden. Kvar aktivitet varar i 20 minutt og det er sett av 10 minuttar til gange mellom aktivitetane. Det er viktig at alle heldt timeplanen og dei tidene som er oppsett.
 
ANDRE AKTIVITETAR:
For dei som har god tid kan vi tilby andre aktivitetar som ikkje er timeplanfesta: to leikeplassar, 4 naturløyper, ei ny eventyrløype og gamaldagse leiker. 
 
TOALETT:
Toalett finn ein i hovudbygningen, Helgheimstova (okergul bygning ved inngangen) og på verkstaden nede på friluftsområdet.
 
MAT:
Her vil vere brus, o.a. å få kjøpt i kafeen. Ein må bu seg på å ete ute, då vi ikkje har nok plass inne. Også i år vil vi dele ut GRATIS IS til barna, sponsa av Diplom is. 
 
Vi ønskjer dykk velkomen og vonar på godt ver desse dagane.
 
 
Helsing
 
Aud Ross Solberg
 
Avdelingsdirektør
Musea i Sogn og Fjordane
De Heibergske Samlinger-Sogn Folkemuseum
Tlf.: 47452796
 
 
Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS