A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

21.jan-10.mars

Arvid i praksis, Marita vikar frå 31.januar

Arvid tek praktisk-pedagogisk utdanning på deltid dette og neste skuleår, og det inneber ein praksisperiode kvart av skuleåra.

Dette året er han ved Luster Ungdomsskule i seks veker, frå 21.januar til 10.mars. Marita Kveane går inn i som vikar frå torsdag 31.januar, fram til det er Mari og Kjellrun vikar nokre dagar kvar. Mette vil fungere som kontaktlærar for elevane i 6.-7.klasse i heile perioden. Arvid har laga planar for framdrifta i engelsk, samfunnsfag og RLE, slik at progresjonen følgjer årsplanane.

Marita vil ha fokus på dans i kroppsøving og musikk, med målsettinga at elevane skal lage ein ny strekkepausedans (m/video) for heile skulen. Det vil vere litt mindre song/speling, og litt meir kroppsøving i perioden Arvid er vekke, òg fordi det vil bli mykje musikk og speling i samband med "Prøve ulike instrument"-prosjektet som startar rett etter påske.

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS