4. kl

God jul!
Med eit koslege bilete av ein flott gjeng vil me ynskje elevar, føresette og tilsette GOD JUL!

Ei tradisjonell førsjulstid
Tradisjonar er viktig i førjulstida, og slik er det også ved Indre Hafslo oppvekstsenter.

Velkommen til julefest
Måndag den 19.desember kl. 18.00 inviterer me til julefest på skulen.

Juletradisjonar
Tradisjon tru så vart det juleverkstad i år også. Det er kjekt å ha ein heil dag der ein får laga mange fine ting. Kjekt er det også at mange foreldre og besteforeldre har lyst til å vera med oss når me har juleverkstad.

Adventssamling kvar måndag
Kvar måndag i adventstida samlar me alle elevane på skulen og alle ungane i barnehagen til adventssamling i gymsalen. Dette er ein fin førjulstradisjon for både små og store.

Sosialkveld
På torsdag var det sosialkveld på Indre Hafslo oppvekstsenter. Det heile stara med middag i ungdomshuset. Etterpå vart elevane delte i grupper. Ei av gruppene laga fruktspyd som alle kunne kosa seg med til slutt. Vil de sjå bilete i frå sosialkvelden så kan de sjå under bileta til 1.klasse.
![IMG_2790[1]](https://img6.custompublish.com/getfile.php/3595673.1686.bwqwqraddd/195x0/0_3595673.jpg)
Aktivitetsdagar
Denne veka har alle elevane på skulen delteke på to halve aktivitetsdagar. Me har hatt desse aktivitetane: kappa land, kaste på pyramide/fisken i det raude hav, siste par ut/tredje mann i vinden, keisarens barn, vippa pinne og hol i hatten. Dette er mange fine leikar som me også ynskjer at elevane skal leike i friminuttane. Vil du sjå bilete frå aktivitetsdagane så kan du sjå på bileta til 1.klasse.

Tur til Lyngsete
I dag har alle elevane på skulen og dei eldste ungane i barnehagen vore på tur til Lyngsete.