A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

3. kl

schedule

1.-3. klasse

Timeplan og lærarar 2013-2014

Her finn de timeplanane for 1., 2. og 3. trinn dette skuleåret, samt oversikt over kva lærarar som har ansvar for fag for kvart trinn. Av timeplanen går det delvis fram korleis delinga av klassane er gjort i dei ulike faga, men der det er to lærarar på ei elevgruppe, vil delinga av gruppa naturleg nok variere gjennom året. Til dømes treng 1.klasse å vere meir åleine på hausten enn om våren.

2013-08-18
Avslutning FORUT

Velkomne til nytt skule- og barnehageår!

Torsdag 15.august starta nytt barnehageår med fem nye ungar i barnehagen, og måndag 19.august ynskjer me fem nye elevar velkomne på skulen i lag med dei 21 elevane me kjenner frå før.

2013-08-15
2013-05-31 15

5.august er det 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd

Ivar Aasen-jubileum

17.mai i år heidra me mannen som gav oss nynorsken. I dag er sjølve jubileumsdagen, som vert markert mange plassar i landet.

Biletet her er teikninga Arvid, Martin og Mathilde laga til 17.mai. Teikninga vart seinare auksjonert vekk.

2013-08-05
11-barnehage

Fin dag på opninga av Breheimsenteret

Mange fekk møte statsministeren

Sjå bilete frå brosjyreoverrekking, måleriutstillinga og barnehagen med statsminister Jens Stoltenberg:

2013-06-24
DSC_0064

Mykje moro i lag

SISTE SKULEDAG

Med biletserie frå slutten av skuleåret - GOD SOMMAR til alle, og lukke til på ungdomsskulen til Kato, Hallvard, Marie, Gunnar og Henning!

2013-06-21
Framside-jostedalsbrosjyra

Me får presentere prosjektet vårt ved

opninga av Breheimsenteret måndag 24.juni mellom kl. 11 og 13

Første runde av jostedalsprosjektet i hamn, og me vil nytte høvet til å oppfordre alle om å komme på opninga av Breheimsenteret måndag 24.juni: Korpset speler, ungane i barnehagen vil vere der, Myrhorn-måleria til skuleelevane vert stilte ut, og statsministeren kjem. Ein del av arrangementet er lukka (i kafeen på Breheimsenteret), og leiar og nestleiar i elevrådet (Gunnar og Sølvi) vil overrekkje eit eksemplar av jostedalsbrosjyra til statsministeren og seie litt om prosjektet der me skulle bli "ekspert på eiga bygd". Det er planlagd at alle ungane følgjer statsministeren ut når han er ferdig inne på Breheimsenteret ca kl 12.45.

2013-06-18

Måndag 17.juni kl 17.30 - alle er velkomne

Sommaravslutning

Hugs kontantar - det vert høve til å kjøpe gamle bøker o.l. frå rydding på skulen!
Arbeidslista frå FAU finn de her òg.
2013-06-14
DSC_2602

Fast tur for 3.-4.trinn annakvart år

Bilete frå Balestrand

Me fekk så mange fine bilete frå Balestrand, les meir for å sjå nokre av dei!.

2013-06-12
florø

Skuleturar på slutten av skuleåret

Ser ut til at 5.--7.trinn har det fint i Florø:

2013-06-06

Tradisjonell tur for 3.-4.trinn annakvart år

Tur til Sognefjord Akvarium i Balestrand

Dato: Tysdag 4.juni
Klassar: 3. og 4.kl
Vaksne: Jostein Aasen og Marie Fredheim
2013-06-02
Powered by CustomPublish AS