A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

SFO

SFO-informasjon

Her finn de informasjon om SFO ved Hafslo barne- og ungdomsskule.

2015-09-03

VEKE 34

VELKOMMEN PÅ HAFSLO SFO TIL ALLE NYE 1.KLASSINGAR.

Fyrste veka på SFO er no ferdig, og me har haTt ei flott veke. 1.klassingane har fått vore inne ei lita stund for seg sjølve etter mat denne veka. Dette for å få bli litt kjende inne på sfo,en i fred og ro. Etter ca ein halv time inne har også dei gått ut og leika i flott sommarsol.

Me har servert brødmat heile veka, men vil starte opp med varmmat ein gong i veka i september. Då vil varmmaten hovudsakleg bli laga om måndagane.

MINNER OM FORELDREMØTE PÅ SFO PÅ ONSDAG 26 KLOKKA 18.00-19.00

 PALS: me har fokus på korleis me oppfører oss i garderoben og ved matbordet.

GOD HELG :)

2015-08-21

VEKE 24 OG 25

Dei to siste vekene før sommarferien har vore prega av å gjere ferdig ulike ting og prosjekt. Skuffer er tømt, og diverse perlekunst er ferdigstilt. Veret har ikkje vore vår beste venn heile tida, men ein del ute har me vore.

Torsdag 18/6 grilla me laks!!På onsdag skar me laksefiletar i bitar og vende dei i tacokrydder. Deretter pakka me dei i folie i porsjonspakker. Torsdag fyrte me opp bålpanna og var spente på om ungane tykte noke om dette. Me serverte "skattekista" med potestappe. FOR EIN SUKSESS. Nesten alle ungane var einige om at dette måtte me snart lage att, men då måtte me ha meir fisk i kvar "skattekiste" :-) Flinke SFO ungane våre.

Då gjenstår det å ynskje alle born og føresette ein god sommar. Kos dykk, slapp av, være aktive, nyt sommaren, så sjåast me i august.

Helsing SFO personalet

2015-06-18

VEKE 22 OG 23

Onsdag i veke 22 sto det "fiskemeny" på planen. Me kjøpte inn ulike fiskeprodukt og laga det fint til på matbenken vår. FOR EIN SUKSESS !!! ALLE ungane fant noke dei likte. På slutten av måltidet fekk alle som ville prøvesmake komme fram til disken. Der fekk dei smake på fiskeproduktar som dei aldri hadde smakt før. Nesten alle ungane kom fram og stilte seg i kø for å smake. Skikkelig tøffingar heile gjengen, og alle meinte at dette måtte me gjere litt oftare :-)

I veke 23 serverte me pitapizza m/kjøttdeig. Alle ungane var kjempefornøgde.

Me har vore ein del inne desse to vekene då veret ikkje har spelt på lag med oss. Gymsalen er god å ha sleke dagar, og borna er veldig flinke til å finne på ulike aktivitetar sjøle når me er der. Litt ute har me òg vore, og me har med anna hatt felles leik på banene.

2015-06-09

VEKE 20 og 21

Veke 20 var ei kort veke med berre tre dagar på skule og SFO, men me rakk å kose oss likevel. Måndagen hadde me mukje godt pålegg i stadenfor varmmat. Me fekk gjort ferdig alle flagga våre til 17.mai, og mange fekk med seg 17.mai pynt som var perla.

Veke 21: Denne veka har me vore ein del ute, men siste to dagane var me inne. Torsdag var det fokus på spelegrupper inne, og mange levde seg godt inn i spela. Tirsdagen var me på bana og hadde felles leikar der. Dette er kjekt, så me vil nok prøve å bruke banane litt meir.

Torsdag hadde me tomatsuppe med makaroni. Ein slagar som aldri blir feil.

God pinse til alle frå oss på SFO

2015-05-22

Veke19

Me nærmar oss 17. mai, og det syner att på SFO hjå oss også. Det perles norske flagg i alle variasjonar, her er det berre fantasien som kan sette begrensningar. Blomsterkassane som me har sådd i trivst godt inne i varmen på SFO, for der spirer og gror det godt. BLir kjekt å få henge kassane opp ute snart.

Varmmat denne veka var ostesmørbrød som vart servert på onsdag.

Torsdag var me i gymsalen, noko alle tykkjer er veldig kjekt. Der er alle i aktivitet, og får utfalde seg på sitt nivå. Ellers har det vært mykje fin uteleik.

GOD HELG

2015-05-08

VEKE 18

Veka starta med flott vårver måndagen, og slutta med snøbyger på torsdagen. Variert ver gir varierte aktivitetar på SFO. Det er "poppis" med hoppetau for tida, ein kjempeflott aktivitet som alle ungane mestrar på sitt vis. Fotball på bana er òg kjempekjekt.

Me har no fått ein flott avtale med Spar Hafslo om å få hente frukt og grønt hjå dei kva måndag ettermiddag. Me får då plukke ut det me ynskjer av frukt og grønt dei ikkje kan selje i butikken, men som er heilt fin å bruke. Dette gjer til at me får moglegheit til å servera ungane frukt/grønsaker på ettermiddagen. Me set stor pris på å ha fått ein slik flott avtale med SPAR HAFSLO. Tommel opp til Geir Sterri og gjengen der.

Denne veka serverte me fiskeburgere med salat, og ikkje ein unge takka nei til fiskekaker. KJEMPEFLOTT !!! Varmmaten vart servert onsdagen.

Me ynskjer alle ei fin langhelg :-)

2015-04-30

VEKE17

Våren er her for fullt no, og me er mykje ute om ettermiddagane. Det er flott leik mellom borna, og det er kjekt å sjå at ungane koser seg med typiske "vårleikar".

Torsdag var alle assistentane på fiskesprell-kurs. Dette var eit inspirerande kurs som gav oss mange gode idear, og oppskrifter på god og enkel sjømat me kan lage ute.Me tenkjer at dette må me få jobbe litt med, så prøver me å få fiskemat fast inn på menyen vår frå hausten av. Sfo blei godt i varetatt av Norill og administrasjonen.

Me har no fått oss blomsterkassar, og i dag (fredag) skal me så frø i dei. Det blir spennande for liten og stor å sjå kva me får til, og kassane vil seinare i vår bli hengt opp ute

Me avsluttar veka med godt pålegg og oboy.

GOD HELG

2015-04-24

VEKE 15

Det er vår, og me på sfo tykkjer det er kjekt å få gå med litt lettare klede ute. Hoppetau, paradis, hoppestokkar, fotball er stikkord for uteleikar som var populære i veka som gjekk.

Torsdagen var me lenge i gymsalen, noko som er utruleg kjekt for alle. Der finn alle noko dei likar å gjere på, og aktivitetsnivået er høgt. Me får gode og svette ungar opp igjen på sfo, å de likar me.

Fredagen vart avslutta med fredagskos, og det vart servert pølse i brød som kos. Ingen unga klaga på det.

Hugs å sjekke garderoben til borna slik at dei har byteklede dersom dei vert blaute når me er ute.

2015-04-13
BILDE-PÅSKE, SFO

Påske på SFO

Her ser de dei flotte påskekyllingane som er laga på SFO til påske

2015-03-26
Powered by CustomPublish AS