A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

5. kl

roundtable

Etter foreldresamtalane har me endra litt på utforminga av

VEKEPLANANE til skulen

Me har hatt veldig hyggelege og nyttige foreldresamtalar denne våren, og heldigvis fått nokre tips til korleis informasjonen frå oss kan bli enno tydelegare.

2014-09-03

"Omvendt klasserom" - òg fint for foreldre som vil vere leksehjelparar

Matematikk for mellomtrinnet

Her kan elevar, foreldre og andre interesserte sjå YouTube-videoar om noko av det 5.-7.trinn skal lære i matematikk, og foreldre får sjå korleis reknestykkje skal/kan setjast opp no til dags. Filmane tek for seg emne for emne, og dei fleste varer om lag 5-10 minutt kvar: Matematikk-spelelista frå læraren Ole Martin Kyllo ("SkoleKyllo") på YouTube. 

2014-04-29

Betalingsinformasjon til foreldre

Skulemjølk

Informasjon for innbetaling av mjølkepengar for våren (og evnt hausten for dei som gløymde det då).

2014-04-10

Me hadde forfattarbesøk av

Erlend Loe

Fredag 14.mars hadde me forfattarbesøk av Erlend Loe, ein favoritt både hos elevar og lærarar. Forfattaren tok bussen med oss frå Jostedalen til Gaupne der alle elevane i kommunen var invitert til ulike alderstilpassa opplegg. 

2014-03-16
Ballbingen 7-mars2014

Ballspel i ballbingen

rekordtidleg?

7.mars var ballbingen klar for ballspel etter hardt arbeid frå dei ivrigaste entusiastane. Dette harde arbeidet er ein slags tradisjon ved skulen, og i år har det starta mykje tidlegare og teke mykje kortare tid enn vanleg. I tillegg til at det er artig for dei som likar ballspel ute, er det ei interessant sak i samband med naturfagtemaet 5.-7.trinn har no om vêr og klima.

2014-03-07

Etter fastelavn er det

Karnevalstider

Skulen har karneval på kveldstid måndag 3.mars kl 17.30-19.45. Det vert servert heimelaga pizza (+pølser til dei som ikkje vil ha pizza), lov å ha med 1/2 liter brus for dei som vil (skulen har saft).

I barnehagen er det karneval på dagtid torsdag 6.mars.

2014-02-28

Torsdag 27.02

DKS-program: Sigbjørn Skåden "Hvem er samene?"

"Hvem er samene?" byggjer på boka "Samer" som er ei faktabok for born. Det¨er forfattaren sjølv, Sigbjørn Skåden, som kjem på skulebesøk til 5.-7.kl denne veka. Opplegget er tredelt og blir gjennomført i løpet av ein dobbeltime. Elevane skal lese deler av boka, og dei kan bruke ressursar på nettet til førebuing.

Del 1. Miniføredrag basert på boka "Samer"

Del 2: Minikurs i nordsamisk (nordsamiske alfabetet)

Del 3: Språkleik. Tavleleik.

2014-02-23

Fredag før vinterferien:

DKS - konserten "Fart!"

Fredag kjem distriktsmusikarar frå Førde til Jostedal med konserten "Fart!". Me får møte Helga Lied Wyrtz på fløyte, Akiko Anazawa på piano og Arvid Anthun på trompet. Konserten handlar om at fart påverkar oss heile tida. 

2014-02-09
DSCN0946

To urfolk:

Samane og maoriane har nasjonaldag 6.februar

I dag er ein merkjedag både i Noreg og på New Zealand - det er samisk nasjonaldag og nasjonaldag på New Zealand. Me var så heldige å få besøk av våre eigen lokale "kiwi" Andy Cullens, som fortalde om New Zealand og maoriane, og knytte dagane til dei to urfolka saman. New Zealand feirer nemleg sin nasjonaldag fordi det var denne dagen i 1840 at maoriane underteikna sin traktat med engelskmennene.

2014-02-06
Powered by CustomPublish AS