A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Barnehageavd.

HoppforNepal

Innsamlingsaksjon ved skulen, ope for ALLE:

Hopp for hjartet - og Nepal!

I samband med skulen sitt arbeid med demokrati, internasjonalt ansvar og solidaritet, har me brukt å ha ein innsamlingsaksjon knytt til fysisk aktivitet for borna, og denne gongen har me i samråd med FAU laga ein aksjon til inntekt for born som er råka av jordskjelvet i Nepal. Ungane i skulen og barnehagen har eit særskilt forhold til Nepal frå Forut-aksjonen i haust, og det vil difor vere noko alle kan relatere til. På skulen har me òg pedagogiske opplegg knytt til jordskjelvkatastrofa denne veka. Her er nettsida til aksjonen vår hos Redd Barna der ein kan betale inn: http://L2W.no/rero.

2015-05-21
kroppen

Tema i barnehagen:

Kroppen

Både før og etter påske har me i barnehagen jobba med tema "Kroppen min". Dette engasjerer både liten og stor! Nokre fleire bilete...

 

2015-08-30

Barnehagen:

Månadsplan april 2015

Månadsplan april 2015 finn du her PDF document ODT document

2015-04-13

Oppkast og forkjøling

Det er fleire ungar som har vore sjuke i påsken, og som framleis ikkje er heilt bra. Det er ofte vanskeleg å bedømme om barnet er frisk nok til å gå i barnehagen eller må vere heime. Generell regel er at ein må vurdere almenntilstanden til barnet, men når det gjeld oppkast/diare seier smittevernlegen at barnehagebarn bør holdast heime i 48 timar etter at dei er symptomfrie. Er du usikker på om barnet er frisk nok til å gå i barnehagen, kan det vere lurt å holde barnet heime ein ekstra dag. Det er travelt for sjuke ungar å vere i barnehagen. Sjølv om dei tilsette gjer så godt dei kan for å trøyste og gje omsorg til barn som treng det, greier me ikkje å erstatte den omsorgen som berre de foreldre kan gje dikkas barn.

 

 

2015-04-07
solformørking-illustrasjon

Barnehagen førre veke, skulen denne veka:

Markering av Friluftslivets år

Førre veke hadde barnehagen skileik med 5.klasse tysdag og akedag med grilling torsdag - denne veka er det skulen sin tur. Me har to friluftslivstudentar frå høgskulen i Volda i praksis tysdag, onsdag og torsdag. Tysdag har dei 1.hjelpsstasjonar med 3.-7.trinn, onsdag har dei 5.-7.trinn med ut og lagar sunn mat, og torsdag har heile skulen skileik siste del av dagen. Obs: Hugs at bussen ikkje kan ta med ski, så foreldre må levere ski innan torsdag kl 12! Me gjer ekstra mykje ut av solformørkinga som når maks (ca 95 %) fredag kl 10.50, og håpar berre på klart vêr. Solformørkingsbriller er kjøpt inn, og alle trinn nyttar høvet til å lære om fenomen i verdsrommet.

Illustrasjon (om lag slik vil formørkinga sjå ut ved maks): Knut Jørgen Røed Ødegaard

2015-03-16

Barnehagen:

Månadsplan mars 2015

Månadsplan for mars 2015 finn du her PDF document ODT document

2015-08-30
477px-Johannes_flintoe_norwegian_myrhorn_1834

Judith Vestreim kjem og lærer oss folkesongar frå Jostedalen

Barnehagen og skulen som tradisjonsbærar

Denne tysdagen og fem tysdagar utover våren kjem folkesongar Judith Vestreim på besøk med Toneskrinet og lærer oss lokale folketonar som me skal øve på, teikne til og prate om mellom besøka. Først ei økt med barnehagen, så ei økt med 1.-4.klasse kvar av tysdagane. Datoane ligg i aktivitetskalenderen.

2015-03-02
karneval 2015

Barnehagen sitt

KARNEVAL

2015-02-26
rollelek

Skriftspråkstimulerande rolleleik for 1.klasse og 4-åringane.

Samarbeid barnehage og skule

Me lagar leikegrupper med 4-åringane og ei gruppe på fire 1.klassingar i lag. I barnehagen førebur med flyplass og restaurant slik at ei gruppe har restauranten, og ei gruppe reiser med fly og er gjester på restauranten. Me legg til rette for skriving/teikning med papir, sakser og blyantar m.m så borna kan lage til dømes meny, pengar, billettar, pass og alt ein treng for å gå på restaurant og reise med fly. Kanskje vert det litt framande språk òg?.

 

2015-02-22
Jeg vil vite Kroppen

Barnehagen:

Månadsplan for februar

Me vil avslutte bok-prosjektet "Snøhumla Mille" og starte opp med nytt tema: Kroppen. Månadsplan for utskrift PDF document ODT document .

VINTERFERIE  på skulen 16.-20. februar. Me ynskjer melding snarast om barnet/barna dine tek fri ein eller fleire dagar denne veka. (Dette fordi me kan lettare planlegge avvikling av ferie/avspasering for personalet).

2015-02-02
Powered by CustomPublish AS