Loftstova - 954 10 865
Foreldremiddag onsdag 6. november
Loftstova lagar til lapskaus og rundstykkjer som vi sel til barnehageungar, søsken og foreldre på avdelinga.
Vi startar kl. 15 og avsluttar kl. 16.
Det er kostar 50 kr pr vaksen, 25 kr pr søsken og barnehagebarnet er gratis. Inntekta går til Nava Jyoti.
Velkomne!
Informasjon oktober
I høgrespalta er det lagt inn ny informasjon.
Oppslagstavle i garderoben
Etter innspel på foreldremøtet, lagar vi no til oppslagstavle i garderoben. Der heng vi opp månadsplan, vekeplan og dagsrapport. Det er lurt å ta ein kikk på tavla oppe på avdelingen, for den vil innehalde meir informasjon enn den nede.
Nasjonal brannvernsveke
I veke 38 har vi delteke i Nasjonal brannvernsveke. Kvar dag hadde vi ein aktitvitet som var relatert til dette. Vi har hatt to brannøvingar. Der har vi fokus på at ungane skal stille seg ved døra og gå fint ned trappa, kjapt på med sko og samlast ved Gråtassen. Dette var ungane flinke til å mestre. Dei gå kvarandre beskjed om at dei skulle gå fint. Vi hadde besøk av brannbilen og ein brannmann. Dei fekk sjå på ulike deler ved brannbilen, høyre sirena og prøvesitje i framsete. Det var også vist slokking av brann med eit pulverapparat. Vi har også gått gjennom dei ulike romma i barnehagen på jakt etter røykvarslarar, brannslangar, brannslukkingsapparat, nødskilt og klokkene som ringjer.
Foreldrekaffi 10.09.13
Vi ønskjer velkommen til foreldrekaffi tysdag 10.09.13 frå kl. 15 - 16.15. Vi serverer kake, boller, saft, kaffi og tea. Vi håper mange tek seg tid til å komme.
Foreldremøte 5. september 2013
Personalet i Gamlestova barnehage inviterer til foreldremøte torsdag 5. september. Det blir først ein felles del som varer ca 1 time. Deretter blir det avdelingsvise møter. Vi har ein del punkt som vi vil informere om, men det blir også høve til å ta opp saker som de er opptekne av. Det er sett av ca ein time til den avdelingsvise delen også.
Velkommen til nytt barnehageår, 2013-2014
Torsdag 15. august startar eit nytt barnehageår. Vi ønskjer velkomment til alle barn og foreldre som skal høyre til Loftstova. Vi håper vi får eit fint år saman
Planleggingsdagar 13. og 14. august
Barnehagen er stengt tysdag 13. og onsdag 14. august fordi det er planleggingsdagar for personalet i barnehagen.