A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

5. kl

Carla Navarro besøkte alle klassane på skulen måndag 1.september

Råd frå fysioterapeuten

Fysioterapeut Carla stilte på kvar og ein sin stol så alle skal sitte rett, og passa på at sekkane til 1.klassingane sat godt på ryggen. Ho snakka òg om kva som er viktig for både god helse og læring: Å sove nok og å bli sliten nokre gonger kvar dag. Carla fortalde elevane at me ikkje bør ha med mobiltelefon eller andre skjerm-dingsar i senga, siste halvtimen før me skal sove bør hjernen og augene få heilt datafri.

2014-09-02
DSC_0056

Fellestur tysdag 26.august

Skulen på gamle vegar - Mjølver til Liastølen

Me var heldige med vêret og hadde ein både lærerik og koseleg tur frå øvst i Mjølversgardane og inn til Liastølen. 1.klassingane gjekk i lag med dei flinke fadderane sine, og me stoppa både på Li, i Leteigen, på Liastølen og ved tuftene til gamleskulen på Røvomn. Me såg òg ei kjempesvær ørn!

2014-08-26

Felles for alle foreldre i skule og barnehage:

Foreldremøte 28.aug (kl 19.30) - saker

Stad: I matsalen på samfunnshuset

Saker: Satsingsområde 14/15 (m/presentasjon av Luster kommune sin nye leseplan for skule og barnehage), medievaner og skjermtid, bruk av pengegåve frå banken, trivsel og læringsmiljø, praktisk info (m.a. skuleskyss)

Foreldrekontaktar møter kl 19, konstituering av FAU (skule) og samarbeidsutval (skule og barnehage)

2014-08-25

Her finn de alle klassane sine

Timeplanar skuleåret 14/15

Desse timeplanane gjeld "vanlege veker", og kan endrast gjennom året.

2014-08-19
\"Skriveboka mi\" 6.-7.klasse

Inspirert av Gerd Fredheim, vil alle skuleklassane "skrive seg til læring" i

"Skriveboka mi"

I år vil me nytte ein felles metode for å få inn skrivetrening i små drypp. Alle elevane har ei bok som vert kalla "Skriveboka mi" der lærarar i ulike fag kan gi små skriveoppgåver til avgrensa tid. Når tida er ute, er oppgåva over. Det er ikkje fokus på rettskriving, det skal vere trening i å få tankar ned på papiret. Her ser de bøkene til 6.-7.klasse.

2014-08-19
2014-08-14 16

Fyrste skuledag måndag 18.august kl 9-14

Velkomne!

Måndag kl 9 startar fyrste skuledag i nytt skuleår. På foreldremøtet for nye fyrsteklasseforeldre før sommaren, vart me oppmoda om å legge ut informasjonen frå møtet skriftleg på nettet. Denne informasjonen har me kalla "Hugseliste til skulestart", og sjølv om det er informasjon me har gjeve før, kan det vere fint å sjå gjennom òg for foreldre som har eldre ungar i skulen. Skuledagen måndag er kl 9-14, med leksehjelp og sfo etterpå for dei i 1.-4.trinn som nyttar dette tilbodet. Klikk "Les meir" for å finne hugselista til skulestart. Me gler oss til å treffe alle elevane fyrste skuledag!

2014-08-15
kokkekamp 2014

Onsdag 11.juni hadde 5.-7. trinn

Kokkekamp

Dei to laga endte utruleg nok på same poengsum (forrett, hovudrett og dessert dømd etter utsjånad, smak og sunnheit) frå dei to uavhengige dommarane Randi og Mette. Laget som vann, vart laget som hadde det bittelille ekstra, dei hadde vatn med lime og sitron i, veldig godt!

2014-06-24
2014 Musikkafe Bui mai

Hugs at 5.-7.trinn har

Kakesal m/musikk på Bui i dag kl 13-17

Elevane har bakt kaker og sel varme vaflar til inntekt for skuleturen sin i starten av juni. Dei skal til Bergen og sjå Bryggen, Akvariet, VilVite og Fløyen med Arvid og Marie, og håpar dei får råd til å ta Flåmsbana på vegen heim.

Hugs kontantar!

2014-05-23
140507 bosryddarar

Dugnadsarbeid før 17.mai:

Elevane i 5.-7. rydda bos etter vinteren

Grunna fråfall i personalet vart Rydd eit kulturminne utsett til neste veke, og ryddedugnad etter vinteren framskunda til i dag i staden for neste onsdag. Elevane i 5.-7. fordelte seg på strekningane frå skulen til kyrkja, frå Breheimsenteret til Gjerde og frå Gjerde til skulen og plukka bos på begge sider av vegen. Veldig bra dugnadsinnsats frå dei flinke, ivrige elevane våre!

2014-05-07
Powered by CustomPublish AS