A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Samarbeid med heimen

2014-02-25 10

Jan Magnus Bruheim, Tindra og 1.-3.klasse

"Den kvite hjorten"

BILETSERIE FRÅ "Den kvite hjorten" tysdag 25.feb - både frå framsyninga for skulen og barnehagen og frå framsyninga for foreldre og søsken om ettermiddagen.

2014-03-06

Gje leiken attende til barna!

Leik i barnehagen

Leiken er barna sin hovudaktivitet både for trivsel og læring. Dette veit me, men me treng likevel ei påminning av og til - til dømes når spørsmålet om måling og veging i barnehagen kjem opp i samfunnsdebatten. Her finn de relevante utdrag frå Rammeplan for barnehagar og ein artikkel om emnet, skriven til nettstaden Barnehageforum av barnehagelærar Heidi Larsen tidlegare i januar.

2014-01-16
juleles

Les kvar dag i ferien - og vinn meir enn dei hyggelege stundene!

Juleles Jostedal

Me på oppvekstsenteret vil nytte høvet til å minne alle om kor koseleg det er å lese litt i juletida, og i tillegg er det å lese og bli lesen for noko av det viktigaste for å klare seg godt i verda. Som ei hjelp til å hugse på lesinga, har me laga til ein konkurranse for alle elevane på skulen. Det går ikkje på kor mange sider eller bøker eller kor lenge ein les, men på kor mange dagar ein har lese. Teikneseriar tel òg!

2013-12-20

Juletrefesten til skulen:

Arbeidsliste frå FAU

Lista er sendt heim med elevane fredag 6.12., men du finn ho her òg:

2013-12-06

Songar og kostyme til julespelet

Øving heime og på skulen

På skulen er me i gang med øving til årets julespel, og det er flott om alle kan øve heime òg. For å gjere det litt lettare å øve heime, skal de no finne tekstar i leksemappa, og her ligg musikkvideoar til dei ulike songane - i tillegg til "Glade jol" som me reknar med at alle kjenner melodien til. Kostyma vil me gjerne gjere enkelt (og lett å kombinere med typiske klede til juletrefest), de finn ei oversikt over kva type kostyme dei ulike rollene treng under "Les meir" - fint å ha dei ganske klare i løpet av neste veke.

2013-11-22
Hender med ein strek per runde

I dag hadde skuleungane aksjon til inntekt for barn i Syria

Alle sprang for Syria!

Elevane i 1.-4.trinn sprang og sprang med godt humør rundt idrettsbana, mange i ganske tunge dressar i det blaute vêret. Elevane i 5.-7.trinn sprang innover mot Espe, opp til 5,2 km totalt. Alle vart gode og slitne etter springinga, men det var god stemning, og etterpå fekk alle saft og frukt i lag. Etter den innsatsen er alle spente på innbetalinga til aksjonen! PS. Det er lov å støtte aksjonen utan å ha laga sponsoravtale med elev òg.

2013-11-10

2013-2014 - godkjent av samarbeidsutvalet

Årsplan for barnehagen

No ligg rett lenke til Årsplan 13-14 for barnehagen her. Me er godt i gang med dei tema og aktivitetar som er skisserte i planen. SU har godkjent Årsplanen.

2013-10-24
Powered by CustomPublish AS