A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Samarbeid med heimen

høner

Barnehagen

På tur til Flatgjordi

I dag har alle i barnehagen vore på tur til Bodil. Der fekk me sjå på høner og ein hane, sauer og mykje meir. Me grilla pølser og kosa oss i soli. HER ser de fleire bilder frå dagen.

2014-06-03
17-mai-2014

Foreldrerådet ved skulen har ansvar for matservering (kafeen og kjøkenet)

Skuleforeldre: Arbeidsliste 17.mai

Arbeidsliste for foreldrerådet ved Jostedal skule 17. mai 2014 i samfunnshuset – kafeen og kjøkenet

Oppgåver: selje mat i kafeen og ause opp mat på kjøkenet. Etter slutt: rydding

2014-05-14

frå kl 15.30, i barnehagen

Grillfest i barnehagen 12. juni 2014

Tradisjonell sommaravslutning for barnehagen. Barnehagen syter for varme grillar, kaffi og kake, is og brus til ungane. Elles tek kvar og ein med sjølve det ein vil ete og drikke. Me satsar på godt ver og ynskjer alle som vil delta vel møtt! (Ta gjerne med bestemor, bestefar, tante og onklar og alle som har lyst til å delta!)

2014-05-06

Barnehagen:

Barnelister sommaren 2014

I barnehagen er det sett opp barnelister for sommaren frå og med veke 27 til og med veke 32. Listene vil henge på tavla i ytste gongen. Pr i dag er det kun veke 31 det er fåe barn (i tillegg til dei stengde vekene 29 og 30). Viss de har planlagt meir fri/ferie enn dei obligatoriske 3 vekene, set me pris på at de gjev oss beskjed (til dømes stryke ut på listene i gongen). Slik kan me tilpasse personale etter dei barna som reelt er i barnehagen, og dermed unngå at me går med overbemanning deler av sommaren.

2014-05-09
roundtable

Etter foreldresamtalane har me endra litt på utforminga av

VEKEPLANANE til skulen

Me har hatt veldig hyggelege og nyttige foreldresamtalar denne våren, og heldigvis fått nokre tips til korleis informasjonen frå oss kan bli enno tydelegare.

2014-09-03

Kva Olweus-gruppa i Bergen seier om

Mobbefri kvardag for alle

Det meste av krenkande åtferd i skulen går føre seg skjult for vaksne. Der det føregår mobbing, har krenkande åtferd fått utvikle seg over tid. Hovudprinsippet i arbeid med krenkande åtferd og mobbing er å avdekke og stoppe krenkande åtferd tidleg, slik at den ikkje utviklar seg til mobbing. Det handlar eine og åleine om kva vi vaksne gjer og kva vi ikkje gjer.

2014-05-04
IMG_2999

Barnehagen:

Månadsplan for mai 2014

2014-05-08

Betalingsinformasjon til foreldre

Skulemjølk

Informasjon for innbetaling av mjølkepengar for våren (og evnt hausten for dei som gløymde det då).

2014-04-10

Påskefrukost 8. april

Frukost i barnehagen kl 8.00 - 10.00

Tysdag 8. april blir det påskefrukost for barnehage og sfo. Då er foreldre og søsken velkomne til å ete frukost i barnehagen.

Frukost frå kl 8.00 – 10.00 i matsalen i samfunnshuset. Velkomne alle saman!

2014-03-26

4. april 2014 er barnehage,sfo og skule stengt

Planleggingsdag i barnehagen

Barnehage, sfo og skule er stengt.

2014-05-08
Powered by CustomPublish AS