A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

5. kl

HoppforNepal

Innsamlingsaksjon ved skulen, ope for ALLE:

Hopp for hjartet - og Nepal!

I samband med skulen sitt arbeid med demokrati, internasjonalt ansvar og solidaritet, har me brukt å ha ein innsamlingsaksjon knytt til fysisk aktivitet for borna, og denne gongen har me i samråd med FAU laga ein aksjon til inntekt for born som er råka av jordskjelvet i Nepal. Ungane i skulen og barnehagen har eit særskilt forhold til Nepal frå Forut-aksjonen i haust, og det vil difor vere noko alle kan relatere til. På skulen har me òg pedagogiske opplegg knytt til jordskjelvkatastrofa denne veka. Her er nettsida til aksjonen vår hos Redd Barna der ein kan betale inn: http://L2W.no/rero.

2015-05-21

5.-7.trinn er i gang med tverrfagleg prosjektarbeid:

"Vasskraft i Jostedalen"

5.-7.trinn er i gang med det årlege prosjektarbeidet - denne gongen i samfunnsfag og naturfag med støtte frå norsk, matematikk og kunst&handverk. Elevane lagar ein modell av røyrgata gjennom Jostedalen (som skal stillast ut på Breheimsenteret gjennom sommaren), dei skal bygge sine eigne vatnmøller og reise på ekskursjon til Jostedal kraftverk med Norman Kjærvik.

2015-04-28
solformørking-illustrasjon

Barnehagen førre veke, skulen denne veka:

Markering av Friluftslivets år

Førre veke hadde barnehagen skileik med 5.klasse tysdag og akedag med grilling torsdag - denne veka er det skulen sin tur. Me har to friluftslivstudentar frå høgskulen i Volda i praksis tysdag, onsdag og torsdag. Tysdag har dei 1.hjelpsstasjonar med 3.-7.trinn, onsdag har dei 5.-7.trinn med ut og lagar sunn mat, og torsdag har heile skulen skileik siste del av dagen. Obs: Hugs at bussen ikkje kan ta med ski, så foreldre må levere ski innan torsdag kl 12! Me gjer ekstra mykje ut av solformørkinga som når maks (ca 95 %) fredag kl 10.50, og håpar berre på klart vêr. Solformørkingsbriller er kjøpt inn, og alle trinn nyttar høvet til å lære om fenomen i verdsrommet.

Illustrasjon (om lag slik vil formørkinga sjå ut ved maks): Knut Jørgen Røed Ødegaard

2015-03-16

Førebyggande arbeid startar tidleg!

Arbeid med psykisk helse og kartlegging av angst blant born og unge

Fredag denne veka kjem representantar frå eit forskingsprosjekt (Uni Research Helse, RKBU Vest, sjå utfyllande info under) på skulen for å gjennomføre ei undersøking av angstproblematikk i 3.-7.klasse ("Engstelse hos barn og unge"). Alle foreldre til 3.-7.klassingar skal ha fått invitasjon direkte frå forskargruppa, og dei elevane som skal delta må ha med samtykkeskjema på skulen seinast fredag (men helst før, så me ser kor mange som skal ta undersøkinga). Gje beskjed om nokon treng ny kopi av samtykkeskjemaet!

2016-03-02

Songar til påske:

My favourite things

2015-03-13
IMG_0740

Tysdag hadde heile skulen

Skidag på Heggmyrane

Store og små koste seg i godt vêr og gode tilhøve - då er det moro å vere i aktivitet!

2015-02-24
Vekeplan

Skulen:

Endring av oppsett på vekeplanane

No ser vekeplanane for 1.-4.trinn annleis ut enn dei har gjort før, og frå neste veke vil 5.-7.trinn sine òg bli endra. Formatet er endra frå «ståande» til «liggande», og innhaldet er organisert på ein litt annan måte. Me vil difor be dykk studere planen litt ekstra grundig denne veka, og gjerne spørje oss om det er uklart!

2015-02-23
05

Veldig vellukka satsing i all snøen:

Ski i skulen!

Her er bilete frå då 3.-7.trinn hadde skiøkt torsdag 29.januar, men 1.-2.klasse har faktisk vore ute på ski 4 tysdagar no, biletet her er frå sist tysdag. Ingen tvil om at desse tiltaka aukar både dugleiken og gleden på ski!

2015-02-06

"10 fingrar" - artig og nyttig trening

Tastaturteknikk

Her kan elevane logge inn med FEIDE (dvs same brukarnamn og passord som på skule-pc) og øve på å skrive på tastatur med rett teknikk.

2016-03-02

Nyttig skjermtid?

Nettsider med gode læringsaktivitetar

Engelsk: STARFALL - lære lydar, lesing og andre aktivitetar på engelsk (frå barnehage til mellomtrinn)

2015-01-26
Powered by CustomPublish AS