A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

1. kl

roundtable

Etter foreldresamtalane har me endra litt på utforminga av

VEKEPLANANE til skulen

Me har hatt veldig hyggelege og nyttige foreldresamtalar denne våren, og heldigvis fått nokre tips til korleis informasjonen frå oss kan bli enno tydelegare.

2014-09-03
DSC_0006

Soria Moria på småskuletrinnet

1. og 2. trinn har lese eventyret; Soria Moria Slott, dei har teikna slott, prinsar of prinsesser og troll. Me avslutta prosjektet med eit stort slott som alle elevane var med og bygde, her kan de sjå kor fint det blei.

2014-05-06

Betalingsinformasjon til foreldre

Skulemjølk

Informasjon for innbetaling av mjølkepengar for våren (og evnt hausten for dei som gløymde det då).

2014-04-10

Me hadde forfattarbesøk av

Erlend Loe

Fredag 14.mars hadde me forfattarbesøk av Erlend Loe, ein favoritt både hos elevar og lærarar. Forfattaren tok bussen med oss frå Jostedalen til Gaupne der alle elevane i kommunen var invitert til ulike alderstilpassa opplegg. 

2014-03-16
2014-02-25 10

Jan Magnus Bruheim, Tindra og 1.-3.klasse

"Den kvite hjorten"

BILETSERIE FRÅ "Den kvite hjorten" tysdag 25.feb - både frå framsyninga for skulen og barnehagen og frå framsyninga for foreldre og søsken om ettermiddagen.

2014-03-06

Etter fastelavn er det

Karnevalstider

Skulen har karneval på kveldstid måndag 3.mars kl 17.30-19.45. Det vert servert heimelaga pizza (+pølser til dei som ikkje vil ha pizza), lov å ha med 1/2 liter brus for dei som vil (skulen har saft).

I barnehagen er det karneval på dagtid torsdag 6.mars.

2014-02-28

Fredag før vinterferien:

DKS - konserten "Fart!"

Fredag kjem distriktsmusikarar frå Førde til Jostedal med konserten "Fart!". Me får møte Helga Lied Wyrtz på fløyte, Akiko Anazawa på piano og Arvid Anthun på trompet. Konserten handlar om at fart påverkar oss heile tida. 

2014-02-09
DSCN0946

To urfolk:

Samane og maoriane har nasjonaldag 6.februar

I dag er ein merkjedag både i Noreg og på New Zealand - det er samisk nasjonaldag og nasjonaldag på New Zealand. Me var så heldige å få besøk av våre eigen lokale "kiwi" Andy Cullens, som fortalde om New Zealand og maoriane, og knytte dagane til dei to urfolka saman. New Zealand feirer nemleg sin nasjonaldag fordi det var denne dagen i 1840 at maoriane underteikna sin traktat med engelskmennene.

2014-02-06
Powered by CustomPublish AS