A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Barnehageavd.

11-barnehage

Fin dag på opninga av Breheimsenteret

Mange fekk møte statsministeren

Sjå bilete frå brosjyreoverrekking, måleriutstillinga og barnehagen med statsminister Jens Stoltenberg:

2013-06-24
Framside-jostedalsbrosjyra

Me får presentere prosjektet vårt ved

opninga av Breheimsenteret måndag 24.juni mellom kl. 11 og 13

Første runde av jostedalsprosjektet i hamn, og me vil nytte høvet til å oppfordre alle om å komme på opninga av Breheimsenteret måndag 24.juni: Korpset speler, ungane i barnehagen vil vere der, Myrhorn-måleria til skuleelevane vert stilte ut, og statsministeren kjem. Ein del av arrangementet er lukka (i kafeen på Breheimsenteret), og leiar og nestleiar i elevrådet (Gunnar og Sølvi) vil overrekkje eit eksemplar av jostedalsbrosjyra til statsministeren og seie litt om prosjektet der me skulle bli "ekspert på eiga bygd". Det er planlagd at alle ungane følgjer statsministeren ut når han er ferdig inne på Breheimsenteret ca kl 12.45.

2013-06-18

Fredag 21. juni blir det

NEDVASK I BARNEHAGEN

Torsdag ynskjer me at alle borna tek med heim mest mogleg av klede frå korgene sine + støvlar og regnklede i grovgarderoben. Fredag er det stengt p.g.a planleggingsdag, og då blir det nedvask.

2013-06-18

Barnehagen dreg på tur tysdag 18.juni kl 9

BARNEHAGEDAGAR PÅ MUSEET

Alle må vere komne og klare til avreise kl 9. Kvar unge tek med ein sekk med matpakke og drikke flaske, litt kle og bleier for dei som treng det. Barnehagen tek med ekstra drikke. Viktig å kle seg etter været. Me er attende i barnehagen seinast kl 15. Meir informasjon om turen på vedlegg.

2013-06-13
P6040030

4.juni tradisjonell tur for 6-åringane og 1.-2.klasse

Vårtur til Klibbersholene

Me reiste frå skulen kl 1200. Bussen kom og henta oss, og køyrde oss attende. Trykk på "Les meir" for å sjå biletserie av den fine gjengen som blir 1.-3.klasse til hausten!
2013-06-03

Månadsplan for barnehagen

JUNI

Klikk  HER PDF document ODT document for å sjå plan for Juni.

2013-05-29

Tysdag 11.juni

Fotografering i barnehagen

Meir informasjon etterkvart!

2013-05-24
grilling

Torsdag 13.juni frå kl 15.30

Grillfest i barnehagen

Velkommen til barnehagen sin tradisjonelle grillfest. Alle som føler tilknyting til barnehage og sfo er hjarteleg velkomne! Alle tek med det dei treng av grillmat.

2013-05-24

Tysdag 28.mai blir det

SYKKELDAG I BARNEHAGEN

Alle kan ta med sykkel og hjelm. Dei som vil kan låne syklane i barnehagen.

2013-05-24
P5060016

Dokketeater og leikar

Barnehagen på besøk til 5.klasse

Tysdag 30.april var barnehagen på skulen. 5.klasse synte eventyret om "Den vesle raude høna", dei brukte pinnedokker til framføringa. Elevane dansa "Boogie walk"-dansen, og så dansa alle "Flaug ein liten blåfugl". Til slutt var det leik og servering av frukt. Alle tykte det var ein kjekk time!
2013-05-06
Powered by CustomPublish AS