A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Barnehageavd.

HEILE OPPVEKSTSENTERET HAR

Vekas dialektord

Ord på tur 26.aug (skulen): EI KLOPP, EIN TEIG, EI FONN, EIN STØL, EIT LE

2014-12-18
tyttebær

No er det tid for

Tyttebær

Raude, gode tyttebær er å finne i skogen no. Ei gruppe frå barnehagen har vore på tur og plukka, og fleire grupper skal av garde. No blir det nyrørt syltetøy til lunsj!

2013-09-08

Informasjon frå barnehagen

Me er godt i gang att med eit nytt barnehageår. Oppstarten med dei nye går heilt fint. Dei leikar og kosar seg. Me prøver no å komme i gang med tema og opplegg, og har tenkt fylgjande.
5 åringane:
Mål: Øve på å lytte og utføre. Ta imot ein beskjed og utføre!
Aktivitetar: Me ser på øyre og lærer litt om korleis øyra ser ut. Kvifor har me øyre? Me lyttar på ulike lydar og prøver å skilje lydar frå kvarandre. Ulike leikar der dei må konsentrere seg og få med seg det som blir sagt for å kunne utføre.
3 åringane:
Mål: Lære fargane, leik med fargar
Aktivitetar: Lære namn på fargane, måling, blande fargar osv
1 åringane:
Mål: Bli trygge og kjende i barnehagen
Aktivitetar: Omsorg, leik, ulike regler og songar.

2013-09-03

Oppstart av skule- og barnehageåret, utviklingsarbeid og forventningsavklaring

Foreldremøte torsdag 5.september kl 19-20

Kva lurer du på? Kva forventar du? Lurer du på kva skulen eller barnehagen forventar av deg? Oddbjørg og Mette ynskjer alle spørsmål velkomne!

Etter foreldremøte vert det konstituering av foreldrearbeidsutvalet (fau), samarbeidsutvalet (su) og skulemiljøutvalet (smu). Foreldreutvala for barnehagen og skulen skal ha to medlem kvar i samarbeidsutvalet.

2013-08-29
fisketur

Tur for 5-åringane

FISKETUR TIL NIGARDSBREVATNET

Kvart år er 5-åringane på fisketur. Nigardsbrevatnet er flott arena for både fisking, turgåing, båttur og leik. Alle fiska, ingen fekk napp, men me storkosa oss likevel. "Jostedalsrypa" tok oss med fram til fremste kaien, der me gjekk stien heim att til parkeringsplassen. Bilete frå turen heng på døra i barnehagen.

2013-08-26
Avslutning FORUT

Velkomne til nytt skule- og barnehageår!

Torsdag 15.august starta nytt barnehageår med fem nye ungar i barnehagen, og måndag 19.august ynskjer me fem nye elevar velkomne på skulen i lag med dei 21 elevane me kjenner frå før.

2013-08-15
2013-05-31 15

5.august er det 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd

Ivar Aasen-jubileum

17.mai i år heidra me mannen som gav oss nynorsken. I dag er sjølve jubileumsdagen, som vert markert mange plassar i landet.

Biletet her er teikninga Arvid, Martin og Mathilde laga til 17.mai. Teikninga vart seinare auksjonert vekk.

2013-08-05

Barnehagen opnar att i morgon 5.august

Etter 3 veker sommarferie for alle, startar barnehagen opp att i morgon. Karianne, Gunn Jorunn og Oddbjørg er klare til å ta imot dei som er ferdige med sin ferie :)Vel møtt!
2013-08-04

Barnehageåret 2013/2014

Barnehagesatsar i Luster Kommune

Endring i kostpengar, elles som før. Gjeldande frå 15.august 2013.
2013-07-18
sommaravsl 2013

Me ynskjer alle ein fin

Sommarferie

I dag er siste dag i barnehagen før det blir 3 veker sommarferie for alle. Me håpar at alle får ein fin ferie med mykje fine stunder med familien. Takk til alle for eit fint barnehage år! Lykke til på skulen Håkon, Lars Andreas, Siri Elise, Oda og Thekla. Til dykk andre og til dei som skal starte i barnehagen 15.august. Me snakkast i august:)
2013-07-12
Powered by CustomPublish AS