A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

6. kl

Framside-jostedalsbrosjyra

Me får presentere prosjektet vårt ved

opninga av Breheimsenteret måndag 24.juni mellom kl. 11 og 13

Første runde av jostedalsprosjektet i hamn, og me vil nytte høvet til å oppfordre alle om å komme på opninga av Breheimsenteret måndag 24.juni: Korpset speler, ungane i barnehagen vil vere der, Myrhorn-måleria til skuleelevane vert stilte ut, og statsministeren kjem. Ein del av arrangementet er lukka (i kafeen på Breheimsenteret), og leiar og nestleiar i elevrådet (Gunnar og Sølvi) vil overrekkje eit eksemplar av jostedalsbrosjyra til statsministeren og seie litt om prosjektet der me skulle bli "ekspert på eiga bygd". Det er planlagd at alle ungane følgjer statsministeren ut når han er ferdig inne på Breheimsenteret ca kl 12.45.

2013-06-18

Måndag 17.juni kl 17.30 - alle er velkomne

Sommaravslutning

Hugs kontantar - det vert høve til å kjøpe gamle bøker o.l. frå rydding på skulen!
Arbeidslista frå FAU finn de her òg.
2013-06-14
florø

Skuleturar på slutten av skuleåret

Ser ut til at 5.--7.trinn har det fint i Florø:

2013-06-06

REFERAT

5. Elevrådsmøte 29.mai 2013

Sak: Planlegging av skulen sin sommaravslutning

Mål: Me skal bli einige om eit program der me tek omsyn til kva publikum vil setje pris på, og der alle klassane får det litt som dei vil.

Dagens omgrep: Kompromiss (igjen!)

2013-05-29
DSCF1663

1.-4.trinn i Breadalen, 5.-7.trinn på Nigardsbreen

Tur i Breadalen

Tysdag hadde 1.-4.kl ein kjempefin tur i Bredalen. Veret var lettskya med solgløtt innimellom. Elevane lærte om kartlav på stein og gjorde fleire målingar undervegs, for storleiken på laven kan fortelje oss kor lenge veksestaden har vore isfri.

(Biletet er frå breturen til 5.-7.trinn)

2013-05-29
DSC_0062

Husmålaren vår Arvid lærte oss 3 løyndomar!

Måndag målte me Myrhyrna

Som ein del av Jostedalsprosjektet, har elevane lært gjennom det gamle pedagogiske prinsippet "Learning by doing", og prøvd seg som ekte målarar. For å få til det, måtte sjølvsagt ein ekte målar til som rettleiar, og Arvid delte tre av løyndomane målarar frå gammal tid har kjent til og nytta for å lage bilete av det me ser rundt oss. 

2016-03-02

ALLE JOSTEDØLER: Me ynskjer så mange svar som mogeleg (men berre eitt frå kvar person)!

Den store Jostedalsundersøkinga

Me vil bli ekspertar på vår eiga bygd, hjelp oss ved å svare på spørjeundersøkinga!

(Tek om lag 5 minutt)

2013-05-07
DSC_0013

Helselaget stilte kvinnsterke opp og varta opp for oss!

Potekaker og felles lunsj måndag 29.april

Heile skulen og heile barnehagen hadde kjempehyggeleg lunsj med Helselaget. Barnehageungane var med og laga potekaker frå morgonen, og alt var ete opp!
2013-04-29
sokkar_cropped_327x381

No er det ekstremvær for å bli blaut i barnehagen og på skulen

BYTEKLEDEBOOM

I barnehagen vil alle helst bade i sølepyttane, og på skulen plaskar det godt når me hoppar tau og speler fotball - ein del er gjennomblaute allereie før skuledagen startar. Uansett treng alle meir byteklede enn normalt om dagane!
2013-04-17
eklima

Jostedalsprosjektet

Elevane ser på veret som var.
2013-04-10
Powered by CustomPublish AS