A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Barnehageavd.

oppstart 2014

Nytt barnehageår

Velkommen

Francis som er ny i barnehagen og alle de andre som er godt kjende. Elias, Lars Haakon, Milla, Vebjørn og Julia tykkjer det er kjekt å møtast att etter sommarferien!

2014-08-18

13. - 14. august 2014 er

Planleggingsdagar

Desse dagane (13. og 14. august) er barnehagen stengt. Dei som skal over til anna plasstorleik skiftar på fredag 15. august. Siste dag for dei som skal ta til på skulen er tysdag 12. august.

2014-07-06

Sommar i barnehagen

Endå eit barnehageår er snart til ende. Framleis er det litt aktivitet i barnehagen, men frå 14. juli t.o.m. 27. juli er barnehagen stengt.

Me vil takke alle for eit godt samarbeid i året som er gått, og ynskjer alle ein god sommar!

2014-07-04
20140610_125440

Tysdag 10.juni var

Barnehagen og 1.-2.klasse på tur til Bakken

I år gjekk den tradisjonelle vårturen for dei eldste i barnehagen i lag med 1.-2.klassen til Bakken - me kosa oss i nydeleg vêr!

2014-06-17

Frå kl 15.30

Grillfest for barnehage og sfo torsdag 12.juni

Velkommen til årets Grillfest i barnehagen. Tradisjonen tru, tek alle med det dei treng av grillmat. Me i barnehagen syter for varme grillar, is og brus til ungane, og kaffi og kaker til dei vaksne. Me minner om at foreldra har ansvar for eigne ungar under festen. Ta gjerne med søsken, besteforeldre og andre som måtte ynskje det. Vel møtt!

 

2014-06-13

Barnehagen:

Månadsplan juni 2014

2014-06-04
høner

Barnehagen

På tur til Flatgjordi

I dag har alle i barnehagen vore på tur til Bodil. Der fekk me sjå på høner og ein hane, sauer og mykje meir. Me grilla pølser og kosa oss i soli. HER ser de fleire bilder frå dagen.

2014-06-03
pengar betaling

Utrekning av utgift til SFO er endra

SFO-betaling: 27,- per time (heil/halv plass)

Til føresette på 1.-4.trinn skuleåret 2014/2015: Timesatsen i den nye utrekninga av pris på sfo er lik over alt i kommunen: 27,- per time. I Jostedalen er timetalet for heil plass rekna ut frå opningstid kl 7-9 om morgonen (altså to timar per morgon-økt) og varierande på ettermiddagen etter når skuledagen sluttar.


2014-05-28

Barnehagen:

Barnelister sommaren 2014

I barnehagen er det sett opp barnelister for sommaren frå og med veke 27 til og med veke 32. Listene vil henge på tavla i ytste gongen. Pr i dag er det kun veke 31 det er fåe barn (i tillegg til dei stengde vekene 29 og 30). Viss de har planlagt meir fri/ferie enn dei obligatoriske 3 vekene, set me pris på at de gjev oss beskjed (til dømes stryke ut på listene i gongen). Slik kan me tilpasse personale etter dei barna som reelt er i barnehagen, og dermed unngå at me går med overbemanning deler av sommaren.

2014-05-09

frå kl 15.30, i barnehagen

Grillfest i barnehagen 12. juni 2014

Tradisjonell sommaravslutning for barnehagen. Barnehagen syter for varme grillar, kaffi og kake, is og brus til ungane. Elles tek kvar og ein med sjølve det ein vil ete og drikke. Me satsar på godt ver og ynskjer alle som vil delta vel møtt! (Ta gjerne med bestemor, bestefar, tante og onklar og alle som har lyst til å delta!)

2014-05-06
Powered by CustomPublish AS