A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

2. kl

DSC_0013

Helselaget stilte kvinnsterke opp og varta opp for oss!

Potekaker og felles lunsj måndag 29.april

Heile skulen og heile barnehagen hadde kjempehyggeleg lunsj med Helselaget. Barnehageungane var med og laga potekaker frå morgonen, og alt var ete opp!
2013-04-29
DSC_2231

Sjå kor fine husa vart.

1.- 3. Ispinnehus

I kunst og handverk har 1.- 3. trinn teikna og konstruert hus.

2013-04-24
sokkar_cropped_327x381

No er det ekstremvær for å bli blaut i barnehagen og på skulen

BYTEKLEDEBOOM

I barnehagen vil alle helst bade i sølepyttane, og på skulen plaskar det godt når me hoppar tau og speler fotball - ein del er gjennomblaute allereie før skuledagen startar. Uansett treng alle meir byteklede enn normalt om dagane!
2013-04-17
kraakebollebilly_03

Felles for heile oppvekstsenteret

Hugs foreldremøte tysdag 19.30

Tema: Språkutvikling, lesing, lekser

2013-04-07

Kveldsarrangement fredag 5.april på Samfunnshuset

Danseavslutning

Luster Folkeakademi har vinteren 2012 og 2013 tilbydd grunnskulen i Luster kurs i tradisjonsdans, med folkedansarane Sigrun og Lars Vigdal, og musikar Kjell Einar Ormberg. Dei vil avslutte danseprogrammet i Jostedal samfunnshus fredag 5.april kl 18 - 20.

2013-03-21
DSC_0091

Kjekt med hospitering!

Dans

I 3 dagar var me so heldige å ha ungdomsskuleelevar med oss. Helene og Marianne hospiterte hjå oss på Jostedal skule. Her danseinstruksjon med 1.-3.trinn.
2013-03-21
1-3 strekkepause

6.-7.trinn har laga strekkepausedans med Marita!

Strekkepause

Felles strekkepause for 1.,2. og 3. klasse

2013-03-18
IMAG1348_crop

Moderne folke- og dyreteljing i Jostedalen

Prosjektarbeid på skulen: Ekspert på eiga bygd

No er heile skulen i gang med eit stort prosjekt fram mot opninga av Breheimsenteret i starten av mai. Me vil gjerne bli ein slags ekspertar på vår eiga bygd, og finne svar på mange spørsmål som me sjølve og folk utanfrå lurer på.

2013-03-15
DSC_1980_500x750

Sjå alle dei fine kostyma!

Karneval på skulen

Onsdag 6.mars var det karneval på skulen på kveldstid, og alle hadde utruleg flotte kostyme. Trykk "Les meir..." for å komme til lysbilete.

2013-03-08

OBS: Hugs at skuleruta ikkje kan ta med ski og stavar!

Skidag Heggmyrane tysdag

Tysdag 5.mars er det skidag for heile skulen på Heggmyrane.

For dei som følgjer skulebussen om morgonen, må ski og stavar leverast på skulen av foreldre, skulebussen har ikkje løyve til å frakte skiutstyr!

2013-03-03
Powered by CustomPublish AS