A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

1. kl

Kveldsarrangement fredag 5.april på Samfunnshuset

Danseavslutning

Luster Folkeakademi har vinteren 2012 og 2013 tilbydd grunnskulen i Luster kurs i tradisjonsdans, med folkedansarane Sigrun og Lars Vigdal, og musikar Kjell Einar Ormberg. Dei vil avslutte danseprogrammet i Jostedal samfunnshus fredag 5.april kl 18 - 20.

2013-03-21
DSC_0091

Kjekt med hospitering!

Dans

I 3 dagar var me so heldige å ha ungdomsskuleelevar med oss. Helene og Marianne hospiterte hjå oss på Jostedal skule. Her danseinstruksjon med 1.-3.trinn.
2013-03-21
1-3 strekkepause

6.-7.trinn har laga strekkepausedans med Marita!

Strekkepause

Felles strekkepause for 1.,2. og 3. klasse

2013-03-18
IMAG1348_crop

Moderne folke- og dyreteljing i Jostedalen

Prosjektarbeid på skulen: Ekspert på eiga bygd

No er heile skulen i gang med eit stort prosjekt fram mot opninga av Breheimsenteret i starten av mai. Me vil gjerne bli ein slags ekspertar på vår eiga bygd, og finne svar på mange spørsmål som me sjølve og folk utanfrå lurer på.

2013-03-15
DSC_0088

Forfattarar i 1.klasse!

Mi eiga bok

Her er elevane med kvar si sjølvskrivne bok.

2013-03-14
DSC_1980_500x750

Sjå alle dei fine kostyma!

Karneval på skulen

Onsdag 6.mars var det karneval på skulen på kveldstid, og alle hadde utruleg flotte kostyme. Trykk "Les meir..." for å komme til lysbilete.

2013-03-08

OBS: Hugs at skuleruta ikkje kan ta med ski og stavar!

Skidag Heggmyrane tysdag

Tysdag 5.mars er det skidag for heile skulen på Heggmyrane.

For dei som følgjer skulebussen om morgonen, må ski og stavar leverast på skulen av foreldre, skulebussen har ikkje løyve til å frakte skiutstyr!

2013-03-03

Foreldre i barnehagen og sfo - meld frå om fri/kjøp av enkeltdagar

Vinterferie 18.-22.februar

Det nærmar seg vinterferie, og me må få avklara kven som skal ha fri frå barnehagen og kven som skal vere ekstra i sfo. Gje melding til barnehagen eller rektor/styrar snarast om dette gjeld deg. Dette må me vite for å sjå kor mange tilsette som skal vere på jobb dei ulike dagane.

2013-02-13
Masse snø i barnehagen

Ungane kan gjerne nytte utetida til å gå på ski!

Ski i skule og barnehage

No har me endeleg masse god snø, og foreldre må gjerne syte for at ungane har ski og skisko i barnehagen og på skulen, slik at dei som likar å gå på ski kan gjere det i utetida utan ekstra organisering.

2013-02-07
massasje 1

Avbrekk for å samle tankane

1.-4.trinn har massasje kvar onsdag

Massasje i småskulen.
2013-01-28
Powered by CustomPublish AS