A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Tysdag 19. - onsdag 20.mars

6.-7.trinn: Snøholetur

I år er det igjen på tide med snøholetur for 6. og 7. klasse på Jostedal skule.
Vaksne som vert med på turen er Jostein Aasen og Rune Abildgaard Sørensen.
Det er ikkje mykje snø i fjellet i år og fram til sist helg har det vore lite vind som har laga skavlar, men me håpar at me får til å grave holar til overnatting. I verste fall får me sove inne i hyttene på Vigdalsstøl. Alle skal ligge litt i hola, dvs at alle er med og graver, og me lagar soveplass til alle og alle legg seg i soveposen der. Men det er lov til å gå inn i DNT hytta på natta og legge seg der viss det vert kaldt ute i snøen.
NB: det er ikkje mobiltelefondekning på Vigdalsstølen!
Tid: Me reiser frå skulen kl 10 tysdag (etter ein førebuingstime inne på skulen) og er attende på onsdag innan kl 14.45 til skuleskyssen (dei som bur på vegen mellom Vigdalen og skulen, kan stige av på vegen).
 
Utstyrsliste

Klede for å vere ute:

  • Ull innerst (sokkar, stillongs og trøye + skift)
  • Vindtett yttarst
  • Tjukk genser eller liknande
  • Ekstra vottar (det er lett å bli våt på hendene når en graver)
  • Gamasjar 
  • Gjerne fotposar
  • Ekstra hue
Sovepose
Liggeunderlag (minst 15 mm tjukt, evt 2 tynne)
Snøspade (Jostein har nokre ekstra til utlån)
Hovudlykt / lommelykt
Termos
Matpakker til alle måltid bortsett frå middag tysdag (det vil seie: lunsj tysdag og onsdag, kveldsmat tysdag, frukost onsdag)
Rett i koppen drikk eller liknande – Me kokar vatn på hytta heile tida, og fyller termosar som de kan ha med ut i snøholene.
Ski med feller eller smurning, utstyret på vere prøvd ut heime så de veit det funkar
Skistavar
 
IKKJE FOR TUNG SEKK. Dvs IKKJE ha med unødvendig vekt som brus og liknande. 
 
Køyring: Jostein og Rune køyrer frå skulen og attende.
 
Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS