Barnehagen
Vekeplan for 16. okt - 27. okt
Oktober fortsetter me med Henry, og fyrstehjelp. Helselaget kjem og lagar potekaker med oss, og ein del samarbeid med skulen blir det også. Fint om alle har gode sko til gymsal ståande i barnehagen.
VEKEPLAN 16. – 27. okt
Måndag 16.
Songstund for alle med Arvid
5-år: Teikning med Arvid
1-3 år: minirøris
ALLE TEK MED EIGA NISTE TIL LUNSJ |
Tysdag 17.
Tema: Henry og fyrstehjelp 3-4-5 år: Henry har fått eit stikk.
ALLE TEK MED EIGA NISTE TIL LUNSJ |
Onsdag 18.
Tema: Henry og fyrstehjelp 3-4-5 år: Henry har klemt seg.
ALLE TEK MED EIGA NISTE TIL LUNSJ |
Torsdag 19.
Potekakedag!! Damene frå Helselaget kjem og lagar potekaker ilag med oss.
Til lunsj vert det nybakte potekaker med tilbehøyr |
Fredag 20.
4-5 år: Språkleik kl 09.45- 11.00 ilag med 2. kl. (blir i barnehagen)
Siste delen av Språkleiken blir alle barna i barnehagen med på.
1-2-3 år: Hinderløype i gymsalen
Ein elev frå 6/7 kl som hjelpar
|
Måndag 23.
5 år: Skulebesøk kl 9.45-12.00 Den som vil kan ta med eiga niste, som me et på skulen
|
Tysdag 24.
5. kl kjem og les for 3-4-5 åringane kl 09.45-10.30 Etter på spel, puslespel og leik
1-2 år har leseøkt saman med ein vaksen i barnehagen.
|
Onsdag 25.
Tema: Henry og fyrstehjelp 3-4-5 år: Henry får flis
1-2 år: gymsal |
Torsdag 26.
Tema: Henry og fyrstehjelp 3-4-5 år: Henry har fått kul i hovudet
Varm-mat |
Fredag 27.
Ein elev frå 6/7 kl som hjelpar |
EIGA NISTE: Måndag – onsdag vert gangen mellom kjøken og gymsal heilt stengt. Her skal det leggast nytt golvbelegg + i personalgarderoben. Desse tre dagane ynskjer me at alle tek med niste som barna et til lunsj. Barnehagen har drikke, så det treng de ikkje ta med. Dette er siste del av byggeprosjektet av barnehagen, så då håpar me at dette var siste steget i bygginga me ber foreldra om hjelp. Tusen takk!
Henry og fyrstehjelp: Me fortsetter med å lære fyrstehjelp, deler oss i mindre grupper etter alder.
Språkleik: 2.kl (Milla, Kaja, Julia, Elias, Lars Haakon, Vebjørn) kjem til barnehagen for å ha Språkleik saman med dei to eldste kulla i barnehagen. Siste del av leiken, er for alle i barnehagen.
5.kl les for 3-4-5- åringane: I år er det Lars-Andreas, Håkon, Siri Elise, Thekla og Oda som kjem og les for oss i små grupper. Dei kjem ein gong pr mnd. Etter leseøkta blir det spel, puslespel, byggeleik og div andre aktivitetar i små grupper.
6/ 7 kl elev som hjelpar i barnehagen: Kvar fredag kjem ein elev frå 6/ 7 kl til barnehagen, for praksisoppgåver/hjelpar. Tida den er her, er ca 10.45- 12.30
Barn fødd i 2014: Dette året skal alle barn fødd i 2014 ha ein kontroll i regi av helsestasjonen. Den er todelt, ein del motorisk i barnehagen i gruppe, og ein del blir dei innkalla til kvar og ein på helsestasjonen av helsesyster. Den motoriske delen er det fysioterapaut Carla Navarro som har ansvar for. Ho kjem til barnehagen tysdag 31. okt kl 09.00-11.00. Då er det viktig at alle barna er i barnehagen den dagen, og har gode innesko til gymsal.
Teikning til banken og bankveka: Me teiknar i barnehage og sender til Luster Sparebank. Alle teikningane vert stilt ut i Gaupne.