Vatn

Det er 14 kommunale vassverk i Luster. Dei forsyner om lag 60 % av innbyggjarane i kommunen.

Dei kommunale vassverka er følgjande:

• Veitastrond vassverk

• Hafslo vassverk

• Gaupne vassverk

• Nes og Orrhaug vassverk

• Høyheimsvik vassverk

• Dale vassverk

• Skjolden vassverk

• Fortun vassverk

• Drægni

• Hestehagen vassverk

• Sagerøy

• Gjerde vassverk

• Jostedal vassverk

•  Breheimsenteret vassverk

På Ornes vert det ikkje levert drikkevatn, kun brannvatn og gråvatn til næringsbygg.

Talet på vassverk er svært omfattande for ein kommune med vel 5000 innbyggarar og med eit stort geografisk område.

Avlaup

Det er ein blanding av reinseanlegg og utslepp skjer først og fremst i sjø på djupt vatn. 

Det er i tillegg 6 kommunale avlaupsanlegg med utslepp til ferskvannsresipientar. 3 i Jostedalen, 1 på Indre Hafslo og 2 på Veitastrond. 

Kommunen har vedlikehald og tilsyn med over 50 pumpestasjonar i heile kommunen.

Tilknyting til vatn/avlaup

Prøvetaking private anlegg:

SognLab utfører kjemiske og mikrobiologiske laboratorieanalysar, prøvetaking og rådgiving innan områda drikkevatn, matvarer, vassdrag og avløpsvatn.