Urnes stavkyrkje er den viktigaste kulturhistoriske attraksjonen i kommunen. Den blei bygd tidleg på 1100-talet og er Norges eldste stavkyrkje. Delar av ei endå eldre kyrkje blei brukt under bygginga.
Særleg betydeleg er nordportalen. Inne er kyrkja prega av den varme fargetonen i det århundre gamle furutrevirke. Frå middelalderen stammar mellom anna bispestolen i koret, lysestakane og treskulpturen av Jesus, Maria og Johannes. Reformasjonsårhundret har etterlete sine tydlege spor; benkane, dei lukka kyrkjestolane og dekorasjonane.

Altertavla og preikestolen er ifrå det 17. århundret. Den lukka kyrkjestolen til familien Munthe representerer eit grovt inngrep i kyrkja sin konstruksjon. Då den blei bygd, måtte to av bæresøylene (stavane) fjernast, og det blei nødvendig med andre støttetiltak. Urnes stavkyrkje er mellom dei viktigaste kulturminne i Norge og er ført opp på UNESCO si liste over særleg verneverdige kulturminnesmerke saman med Bryggen i Bergen og Bergstaden i Røros ("World Heritage List"). Der er kyrkja i det aller beste selskap - saman med pyramidane i Egypt og slottet i Versailles.

Urnes kan ein nå på vegen langs sørsida av fjorden (frå Skjolden) og med ferje frå Solvorn.

Type kyrkje: Stavkyrkje
Byggeår: 1130
Sitjeplassar 100