Tryggleiksalarm består av ein basestasjon og ein smykkesendar. Ved behov for assistanse kan ein trykke på smykke og det blir automatisk oppringt til døgnbemanna responssenter. 

Tenesta vert gjeve i private heimar og omsorgsbustader. Dette er i utgangspunktet eit servicetilbod og er ei betalingsteneste. Tryggleiksalarmen er tilknytta mobilnettverket som gjer at du ikkje treng fasttelefon for å kunne ha alarm. Tryggleiksalarmen er kobla opp til Alarmsentralen IKS. Ved utløysing av alarm tek alarmsentralen direkte kontakt med deg, eventuelt vert alarmen vidarevarsla til den som står først på kontaktlista. Det kan vera pårørande, nabo eller heimetenesta.

Søk tryggleiksalarm her

Har du spørsmål om tenesta kan du kontakte einingsleiar: