Beheim 2, Hafslo gbnr. 149/107 (tomt 20)

Nedanfor følgjer ei oppsummering av planføresegner som gjeld for gbnr. 149/107. For utfyllande detaljar sjå føresegnene og/eller lovverk.

Reguleringsformål
Frittliggjande einebustad

Byggjegrense
6 m frå senterlinje veg. Sjå plankart.

Areal
784 m2

Utnyttingsgrad
BYA maks. 200 m2

Maksimal byggjehøgde

Mønehøgde: 8,5 m
Gesimshøgde: 6 m – skal vere minst 2 m lægre enn mønehøgda.

Møneretning

Bustadhus – skal ha om lag lik møneretning - parallelt med terrengkotane eller med tilgrensande off. veg.

Garasje/carport/uthus– skal ha møneretning vinkelrett på eller parallelt med møneretning for bustadhus eller tilgrensande veg.

Utforming

Bygningane skal utformast og plasserast slik at det gjev ei harmonisk og heilskapleg utbygging. Det skal leggjast vekt på å få gode uteopphaldsareal på kvar tomt.

Støttemurar over 1m skal sikrast med gjerde. Gjerde skal vere i trematerial og ikkje overstiga ei høgde på 1 m. Langs same veglinje og friområde skal gjerda ha ei einsarta utforming.

Tilkomst og avkøyrsle

Skal vere frå offentleg veg og syne på situasjonsplanen

Parkeringsplassar

Det skal opparbeidast min. to P-plassar på tomt (inkl. P-plass i garasje) og min. 0,5 P-plassar pr. hybel.

Garasje/carport/uthus

Kan plasserast nærare off. veg enn byggjegrense, men ikkje nærare enn 0,5 m til «anna vegareal».

Enkle bygningar har maks. mønehøgd på 4,5 m og doble bygningar gir maks. mønehøgd 5,5 m.

Garasje/carport kan ha underetasje nytta som bod/kjellar der terrengtilhøva tilseier det, og då kan møne- og gesimshøgd aukast med 1,5 m.

Kabelanlegg

Skal leggjast i bakken (el., tele ..)

Situasjonsplan

 

Tilkomst, garasje/-carportplassering, terrasse i tilknyting til huset, buer og andre frittståande byggverk skal vera synte på situasjonsplanen som følgjer søknaden, og kvar einskild tomt skal syna tilpassing til nabotomter.

Tilbake til feltet