På sommarles.no kan du lese den eksklusive Sommarlesforteljinga, skriven av forfattar Mari Moen Holsve. Årets sommarlesforteljing heiter “Natt på biblioteket”, og det kjem eit nytt kapittel om Asbjørn og Astrid kvar veke. Du kan velje om du vil lesa forteljinga på skjerm eller høyre ho som lyd. Dersom du har nedsett syn, dysleksi eller andre lesevanskar, er det muleg å låne lydbøker hos NLB. All lesing tel like mykje, og du kan difor lese sjølv eller saman med nokon, høyre lydbøker eller bli lesen for. 
Merk at Sommarles er for alle barn i 1. til 7. klasse. Både dei som skal starte på skulen til hausten og dei som skal til på ungdomsskulen kan vere med. Skulestartarane får ein eigen introduksjonspakke med skjema til utfylling for sitt første lånekort og ei lita overrasking.

Sommarlesfest

Som avsrunding av lesikampanjen blir det sommarlesfest 9. september. Heile familien kan vere med. Det blir trekking av flotte premiar og underhaldning ved Askeladden Friteater. Is til den som vil ha 🙂
Vil du vita mer om Sommarles?

God lesesommar!