Illustrasjonsbilete§9A i opplæringslova er elevane si arbeidsmiljølov. Det er tydelegare krav og forventningar til kva skulen skal gjera, og reglane skal gjelda både i leksehjelpsordninga og i SFO. Det er lovfesta nulltoleranse mot mobbing.

Elevar eller føresette som treng nokon å snakka med om uro kring det psykososiale miljøet eller mobbing, kan snakka med kontaktlærar eller rektor på den einskilde skule. Du kan også kontakta helsestasjonen på telefonnummer 57 68 56 05.

Statsforvaltar
Dersom elev eller føresette seier frå om at eleven ikkje har det bra på skulen, må skulen laga ein skriftleg plan som seier kva som skal skje for at eleven skal få det trygt og godt. Denne planen har føresette lov å påverka. Dersom det ikkje har skjedd noko innan ei veke, kan eleven eller foreldra kontakta fylkesmannen. Fylkesmannen vil då avgjera om skulen har gjort det dei skal. Viss ikkje kan fylkesmannen bestemma kva skulen skal gjera for å sikra elevane sine rettar.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane: Ein trygg skuledag utan mobbing

Mobbeombod
Mobbeombodet er eit tilbod til alle barn og unge, og deira foreldre, som opplever å ikkje ha det bra i barnehagen eller på skulen.

Informasjon om mobbeombodet i Vestland

 

Andre aktuelle nettstader:

Utdanningsdirektoratet si informasjonsside til barn, unge og føresette om mobbing og rettar: https://www.udir.no/nullmobbing/

Senter for IKT i utdanningen si nettside om personvern, nettvett og digital dømmekraft:
http://www.dubestemmer.no/