Reiseliv er ei stor og veksande næring i Luster. Det er over 50 verksemder innan reiselivet i kommunen. I Luster finn du mellom anna sju hotell, men og mange overnattingsverksemder innafor camping, hytteanlegg, gjestehus, gjestegardar, turisthytter. Fleire av verksemdene har lange historiske tradisjonar, og er mellom dei eldste i landet.

Det er naturen som er hovudattraksjonen for reiselivet i Luster; særleg aktiv bruk av naturen. Turtagrøområdet er rekna som vogga til norsk fjellturisme. Det er mange verksemder som tilbyr aktivitetar innafor bre, fjell og fjord. Største aktivitetsverksemda er Jostedalen Breførararlag som tilbyr dagleg breføring på Nigardsbreen.

Det er og mange serveringsplassar med god kvalitet. Sesongen til reiselivet i Luster er vorte forlenga dei siste åra. Det er noko over 100.000 gjestedøgn i reiselivet i Luster på eitt år. Reiselivsverksemdene i Luster kommune er organisert i selskapet Visit Sognefjord AS som kommunane og verksemdene i heile Sogn eig (9 kommunar). www.sognefjord.no