Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
error_outline
13. november kl. 08:08

Informasjon om Koronaviruset

Les meir... clear

Galden Nord detaljregulering

Vedteken reguleringsplan. Klagefrist 05.12.20

Luster kommunestyre har vedteke detaljreguleringsplan for Galden nord - omregulering i møte 22.10.2020, sak 50/20, jf. plan- og bygningslova § 12-12. Planen har plan-ID 1426-2017004.

Plandokument

Føresegner

Planomtale

Saksframlegg

Vedtak

Link til planen i kommunekartet


Klagerett

Vedtak om eigengodkjenning av reguleringsplan kan klagast på av alle med rettsleg klageinteresse i saka, jf. reglane i §12-12 og §1-9 i plan- og bygningslova, og kap. VI i forvaltningslova.

Eventuell klage må sendast skriftleg innan 5. desember og sendast via e-post til postmottak@luster.kommune.no eller til Luster kommune, postboks 77, 6868 Gaupne. Klagen skal grunngjevast og innehalda opplysningar om kva tilknyting klagaren har til det regulerte området.

Erstatning/innløysing

Eventuelle krav om innløysing eller erstatning må setjast fram skriftleg innan 3 år frå offentleg kunngjering av vedtaket, jf. §15-2 § 15-3 i plan- og bygningslova.

Offentleg ettersyn - høyringsfrist 17. august 2020

I samsvar med reglane i Plan- og bygningslova §§ 12-3 og 12-10, har det faste utvalet for plansaker i møte 11. 06.2020, sak 40/20, vedteke å leggja ovannemnde reguleringsplan ut til offentleg ettersyn.

Ny reguleringsplan for Galden nord, plan-id 2017004, opphevar fylgjande reguleringsplanar:

  • Galden nord plan-id 1987002
  • Galden nord – ballbane plan-id 2009010
  • Hillestad traktorservice – plan-id 2016005.


Hovudføremålet med den nye planen er å få eit oppdatert, digitalt plankart for heile området etter alle omreguleringar og dispensasjonar som er gitt tidlegare og  nye føresegner i samsvar med ny plan- og bygningslov.

Reguleringskartet er uendra i høve til planen som vart vedteken av kommunestyret i nov. 2019. I reguleringsføresegnene  er det gjort nokre endringar.

Planframlegget med tilhøyrande saksdokument kan sjåast  i papirformat på Servicetorget i Rådhuset, biblioteket i Gaupne og på Spar på Hafslo. Her er link til planen i kommunekart.com:

Har du merknader?
Merknader til planframlegget skal sendast til Luster kommune, Postboks 77, 6866 Gaupne, E-post: postmottak@luster.kommune.no eller på høyringsskjema, innan Høyringsfrist.

Plandokument:

Handsaming:

Vedteken reguleringsplan klagefrist 11. januar 2020

Luster kommunestyre har vedteke detaljreguleringsplan for Galden nord - omregulering i møte 28.11.2019, sak 66/19, jf. plan- og bygningslova § 12-12. Planen har plan-ID 1426-2017004.

Klagerett

Vedtak om eigengodkjenning av reguleringsplan kan klagast på av alle med rettsleg klageinteresse i saka, jf. reglane i §12-12 og §1-9 i plan- og bygningslova, og kap. VI i forvaltningslova.

Eventuell klage må sendast skriftleg innan 11. januar og sendast via e-post til postmottak@luster.kommune.no eller til Luster kommune, Rådhusvegen 1, 6868 Gaupne. Klagen skal grunngjevast og innehalda opplysningar om kva tilknyting klagaren har til det regulerte området.

Erstatning/innløysing

Eventuelle krav om innløysing eller erstatning må setjast fram skriftleg innan 3 år frå offentleg kunngjering av vedtaket, jf. §15-2 § 15-3 i plan- og bygningslova.

 

Plandokument

Plankart

Planomtale med føresegner

Link til plankart i kommunekartet


Saksdokument

Saksprotokoll og saksframlegg

Utlegging til offentleg ettersyn. Frist for innspel 17. august 2019.

I samsvar med reglane i Plan- og bygningslova §§ 12-3 og 12-10, har det faste utvalet for plansaker i møte 11. 06.2019, sak 39/19, vedteke å leggja reguleringsplanen ut til offentleg ettersyn.

Plandokument:

Plankart
Planomtale føresegner

 

Handsaming:

Saksutgreiing

Saksprotokoll

Ny reguleringsplan for Galden nord, plan-id 2017004, opphevar fylgjande reguleringsplanar:

•             Galden nord plan-id 1987002

•             Galden nord – ballbane plan-id 2009010

•             Hillestad traktorservice – plan-id 2016005.

Hovudføremålet med den nye planen er å få eit oppdatert, digitalt plankart for heile området etter alle omreguleringar og dispensasjonar som er gitt tidlegare og  nye føresegner i samsvar med ny plan- og bygningslov. Planframlegget med tilhøyrande saksdokument kan sjåast  i papirformat på Servicetorget i Rådhuset, biblioteket i Gaupne og på Spar på Hafslo. Her er link til planen i kommunekart.com: https://www.kommunekart.com/?urlid=09ec582e0761451390b6f4ff338fe807

Har du merknader?

Merknader til planframlegget skal sendast til Luster kommune, Rådhusvegen 1, 6868 Gaupne, E-post: postmottak@luster.kommune.no eller på høyringsskjema, innan 17. august 2019.

Har du spørsmål?

Spørsmål knytt til planframlegget kan rettast til Inger Handegård

tlf.: 57 68 55 91, E-post: inger.handegard@luster.kommune.no 

Melding om oppstart av reguleringsplanarbeid. Frist for innspel 23. februar 2019.

Detaljregulering for Galden nord - omregulering, plan-ID 2017004
Luster kommune melder med dette om oppstart av planarbeid for detaljregulering for Galden nord. Området er tidlegare regulert, så dette er ei områdegulering  Planen er i samsvar med Luster kommune sitt planleggingsprogram, vedteken 13.12.2018.

Føremålet med reguleringa
Formålet med planarbeidet er å oppdatere reguleringsplankartet slik at det samsvarer med eksisterande og faktisk situasjon etter vedtak og utbygging. Det kan også vera aktuelt med nokre mindre endringar, bl.a. regulere inn oppsamlingsplassar for renovasjonsdunkar og lignende.

Galden Nord heimeside.jpg

Planområdet
Planområdet er på ca. 180 daa, sjå kartutsnitt. Formålet med planarbeidet er å oppdatere plankartet slik at det samsvarer med eksisterande situasjon etter vedtak og utbygging. Det har også vorte gjort to endringar i planen innafor opphavleg reguleringsplan for Galden nord. Det har vore gitt rundt 30 dispensasjonar i plankart/føresegner utan at plankart og føresegner har vorte oppdatert. Dette medfører at planen bør reviderast slik at plankart og føresegner er oppdaterte med den reelle situasjonen i feltet. Det kan også vera aktuelt med nokre mindre justeringar og endringar, bl.a. regulere inn oppsamlingsplassar for renovasjonsdunkar ol.

Alle føremål i planen vert i hovudsak slik som i gjeldande plan og dispensasjonar.

Gjeldande planar
Heile planområdet er tidlegare regulert i reguleringsplan Galden nord i 1987, plan-ID 1987002. Tidlegare hjortetrekk innafor planområdet var omregulert i 2009 til friområde. Samstundes vart det regulert inn ballbinge og ny tilkomst til ei tomt. Denne planen har plan-ID 2009010. I 2016 vart ein del mot fylkesvegen omregulert til næringsområde og busslomme i regplan for Hillestad traktorservice 2016005, sak 16/365

Lenkje til gjeldande planar og planomriss i kommunekartet.

Innspel kan sendast innan 23. februar 2019 til:
Luster kommune
Rådhusvegen 1
6868 Gaupne

eller på elektronissk høyringsskjema 

eller til postmottak@luster.kommune.no.
Merk innspelet med plannamn, plan-ID og skriv kva tilknyting du har til det regulerte området (grunneigar, nabo osb.).

Har du spørsmål?
Ta gjerne kontakt med oss dersom du har spørsmål til planarbeidet. Du kan kontakte planleggjar Inger Handegård på tlf. 57 68 55 91 eller på e-post inger.handegard@luster.kommune.no.

Vidare saksgang
Etter at innspelfristen er gått ut, vil Luster kommune v/plan utarbeide eit planframlegg som skal handsamast i Plan- og forvaltningsstyret. Det vert i utgangspunktet ikkje sendt svar på innspel, men alle innspel vert kommentert i saksframlegget og ligg tilgjengeleg for politikarane, når planframlegget vert lagt fram for 1.gongs handsaming i Plan- og forvaltningsstyret.

 

Melding om offentleg ettersyn av planframlegget vert annonsert i Sogn avis. Planframlegget vert lagt ut til offentleg ettersyn i minst seks veker, de vil bli varsla ved brev også om dette. I denne perioden er det høve til å sende inn merknader til planframlegget før vidare politisk handsaming.

Aktuelt regelverk
• Melding om oppstart: Plan- og bygningslova § 12-8
• Plantype detaljregulering: Plan- og bygningslova § 12-3
• Handsaming av reguleringsplanframlegg: Plan- og bygningslova § 12-10