Ta pensjonssjekken!

- Dette er tilgjengeleg for alle, heile tida. Ta sjekken når det passar deg.

Dei aller fleste er flinke til å gå til tannlegen eller optikaren ein gang i året for den "årlege sjekken", men dei færraste av oss er like flinke når det kjem til å sjekke pensjonen vår.

Om du er nysgjerrig på kva du kjem til å få i pensjon og kva forskjellige moglegheiter du har, kan du logge inn på Min Side og bruke KLPs pensjonsveileder.

Der kan du simulere din eigen pensjon og sjå kva dei forskjellige vala vil bety for akkurat deg.

https://www.klp.no/pensjon/offentlig-tjenestepensjon/pensjonssjekken