Kva finn du på postlista?

Postlista gir oversyn over journalførde inngåande og utgåande brev i kommunen på aktuell dag.

  • For fagområda byggesak, plan og landbruk vil du få direkte tilgang til dei offentlege dokumenta.
  • På dei andre fagområda ligg ikkje dokumenta ute, men du får informasjon om kva det gjeld og kan be om innsyn.

Kva finn du ikkje på postlista?

Arkiv med personregister

Postlista har ikkje med dokument som er journalført i personmapper, der hovudvekta av dokumenta er underlagt teieplikt. Døme på dette er klient- og pasientarkiv i helse- og omsorg, sosialtenesta og elev- og barnemapper.

Innsynsrett

Du har rett til å krevje innsyn i offentlege dokument, journalar og liknande register. Alle saksdokument i kommunen er offentlege dersom det ikkje er gjort unnatak som er heimla i lov. Sjølv om eit dokument kan haldast unna offentleggjering, skal kommunen vurdere om dokumentet likevel bør kunne gjerast kjent heilt eller delvis (meirinnsyn). Eit dokument er ikkje berre papirbasert informasjon, men i prinsippet all informasjon som er lagra. Du har likevel berre innsyn i databasar dersom ein kan søkje opp informasjonen på ein enkel måte.

Du kan bli nekta innsyn i interne dokument, men som hovudregel skal du likevel få innsyn i:

  • Saksliste eller saksdokument til kommunestyre eller anna kommunalt folkevalt organ
  • Dokument til/frå kontrollutvalet eller klagenemnda i kommunen eller den kommunale revisjonen
  • Dokument til/frå einingar i administrasjonen som har sjølvstendig avgjerslemyndigheit for saka dokumentet gjeld

Offentleglova

Rettleiar til offentleglova

Korleis søkje innsyn i eit dokument?

Dersom du ønskjer innsyn i eit dokument kan du finne dokumentet i postlista, søke etter saker eller dokument og be om innsyn direkte gjennom eigen innsynsknapp.

Du kan også sende ein e-post til postmottak@luster.kommune.no og be om innsyn i ei konkret sak eller dokument.

Handsamingstid
Kravet om innsyn skal avgjerast så raskt som mogleg. Det betyr vanlegvis same dag eller innan 1-3 virkedagar. Dersom du ikkje har fått svar innan 5 arbeidsdagar frå kommunen mottok kravet ditt, blir dette rekna som eit avslag.

Klage
Dersom du får avslag på kravet ditt om innsyn, skal kommunen vise til den regelen som er grunnlaget for avslaget. Kommunen skal også opplyse om høvet til å klage og klagefristen. Fylkesmannen er klageinstans, men klagen skal sendast til kommunen. Du har også klagerett dersom du ikkje har fått svar innan fem arbeidsdagar etter at kommunen har motteke kravet. Dette blir da rekna som eit avslag. 

Pris
Kommunen kan krevje betalt for utskrifter, kopiar og utsending når sidetalet i ei sak er over 100. Då kan det krevjast ei krone pr. ark utover 100 og betaling for heile utsendinga, jf. offentlegforskrifta § 4.