Kunngjering av vedtak vert gjort i samsvar med pbl. § 12-12.

Fristen for å klage på vedtak av planen er sett til 28. november 2021. Eventuell klage må sendast skriftleg via e-post til postmottak@luster.kommune.no eller til Luster kommune, postboks 77, 6866 Gaupne. Klagen skal grunngjevast og innehalda opplysningar om kva tilknyting klagaren har til det regulerte området. Eventuelle krav om innløysing eller erstatning må setjast fram skriftleg innan 3 år frå offentleg kunngjering av vedtaket, jf. §15-2 og § 15-3 i plan- og bygningslova.

Saksprotokoll med vedtak – K sak 55/21

Saksprotokoll med vedtak – PFU sak 74/21

Saksutgreiing – sak 55/21

Oppdaterte føresegner

Offentleg ettersyn. Høyringsfrist 10.09.21.

Plan- og forvaltningsutvalet i Luster kommune vedtok i møte 23.06.2021 (sak PFU – 56/21) å legge framlegg til reguleringsplan for masseuttak Eide i Skjolden, plan-id 2020002, ut til offentleg ettersyn i samsvar med plan- og bygningslova § 12-14. Høyringsfrist 10.09.2021.

Hovudmålet med planen er å få eit godkjent masseuttak av stein og grusmassar.   

Kartet viser planområdet i forhold til gjeldande reguleringsplanar i Skjolden.

Plandokument

Plankart
Føresegner
Planomtale
ROS-analyse
Profilar
Saksprotokoll
Saksutgreiing

Planen med tilhøyrande saksdokument kan sjåast i papirform på Servicetorget i Luster rådhus og på biblioteket på Pyramiden i Gaupne.  

Eventuelle merknadar må sendast skriftleg til Luster kommune, Pb 77, 6866 Gaupne, på digitalt høyringsskjema eller på postmottak@luster.kommune.no

innan fredag 10. september 2021.

Varsel om oppstart med privat detaljregulering. Innspel frist 23.03.2020

I samsvar med plan- og bygningslova §§ 12-3 og 12-8 vert det varsla om oppstart av arbeid med Detaljreguleringsplan for Massetak Eide, gnr. 17 bnr. 1 på Skjolden, Luster kommune.

Føremålet med reguleringa er uttak og bearbeiding av rasmassar av jord og stein på nordsida av Eidshovden på eit ca 100 da stort område som synt under.

NVE har starta uttak av massar i området i 2019 i samband med reparasjonsarbeid etter skader på elveforbyggingar etter skadeflaumen i 2018. Det er i samband pågåande uttak opparbeidd naudsynleg tilkomstveg frå eksisterande gardsveg. Planarbeidet er vurdert til ikkje å verta fanga opp av verkeområdet til forskrifta om konsekvensutgreiingar. Uttaket er ikkje i samsvar med kommuneplanen.

Sivilingeniør Elias Bolstad gjennomfører planarbeidet for grunneigar Kjell Arvid Nyhus.

Merknader/innspel i samband med varsel om oppstart kan innan 23.03.2020 sendast: Elias Bolstad, Bolstadvegen 121, 6876 Skjolden eller på e-post: elias@bolstad.info

Kart som viser planområdet  

Massetak Eide.jpg

 

Masseuttak Eide graving.jpg