Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Sentralbordet stengd i veke 30 og 31

Grunna fråver er me nøydd til å stenge sentralbordet i veke 30 og 31 (22. juli - 2. august).

A A A

Luster fritidsfond

Publisert

Økonomi skal ikkje vere eit hinder for deltaking i fritidsaktivitetar i Luster. Luster kommune har oppretta eit fritidsfond som skal bidra til at alle barn og unge i alderen 6-18 år kan vere med på fritidsaktivitetar. Om barnet ditt eller nokon du kjenner har lyst til å vere med på ein fritidsaktivitet, men ikkje har økonomi til det, kan leiaren/trenaren søkje om støtte på vegne av barnet. Sjekk ut Luster fritidsfond under kultur, idrett og fritid på heimesida vår.