Byggefeltet Bringebakkane er eit gammalt felt frå 1987. I 2012 vart feltet utvida med nokre tomter i reguleringsplan for fossen. Det er fleire ledige tomter i området. Tomtene er store med ein storleik på rundt 1 daa. Feltet ligg luftig til ca. 85 meter over fjorden med utsyn over Luster, fjorden og Sørsida. Feltet vender mot sør-aust og har mykje sol heile året.
Feltet ligg i gangavstand til butikk, barnehage og skule. Frå feltet er det ca. 600 m til skule, via snarveg, ca. 800 m til butikk og busshaldeplass og 1 km til barnehage. Feltet ligg ca. 16 km frå kommunesenteret Gaupne, 25 km frå Heggmyrane skisenter, 27 km frå Turtagrø som er inngangsporten til Sognefjellet og 44 km frå Sogndal.