Bakgrunnen for den kommunale kulturprisen har vore, og er framleis, å gje betre vilkår for kulturarbeidarar i kommunen. Den er og meint å vera til  inspirasjon for alle som driv aktivt kulturarbeid. Kulturprisen skal særleg vera ein honnør for oppofrande kulturarbeid.

Kulturprisen skal ikkje reknast som tilskot til planlagde oppgåver, men som ei påskjønning. Kulturprisen kan delast ut til einkeltpersonar, organisasjonar eller institusjonar som har utmerka seg i særleg positiv kulturell samanheng.

Kulturprisen vil bli delt ut kvart år, så sant det finst høvelege kandidatar.  Luster kommune har delt ut kulturpris sidan 1985.

 

Ordføraren Ivar Kvalen delte ut prisen med desse orda:

I nominasjonen av kandidaten til årets kulturpris  heiter det:

Kandidaten vår har gjennom ei årrekke vore aktiv innan aktivitetstilbodet i heimbygda si.

Kandidaten var leiar i det lokale idrettslaget på -80 og -90 talet, og han (for kandidaten er ein mann) var med å starta opp det populære påskerennet som i dag har over 70 startande kvart år, for det meste born.

Han var også med på å laga til lysløypa i bygda der det kvar veke om vinteren vert arrangert cuprenn for små og store.  Men «bordet fangar» so da heiter, og no har han køyrt løyper i nesten 50 år. Til stor glede for mosjonistar, bygdafolk, hyttefolk, turistar og ikkje minst borna på Veitastrond.

Dei flotte skiløypene inn mot Tungestølen og Nyestølen har gitt alle som er på Veitastrond flotte naturopplevingar og gode sjansar til å halda seg i form.

Utan desse skiløypene ville ikkje bygda vore på langt nær ein så attraktiv destinasjon i vinter- og påskeferie som den er i dag.

Det vert og køyrt løyper på bøane slik at dei fleste har den unike moglegheita at dei kan gå på ski i flotte løyper frå si eiga stovedør. Desse vert brukte av dei unge og gjer at ein lærer seg å gå på ski frå dei kan gå på føtene. Lysløypa vert og nytta av skule og barnehage. Alle desse løypene på Veitastrond har utvilsamt gitt fastbuande og besøkande stor auke i trivsel i alle desse åra.

Veitastrond er som regel sikra snø om vintrane - og i påsken kan det på ein solskinnsdag vera kø i løypene. Ingen er spente på om det er oppkøyrte løyper kvar dag, då dette er «sjølvsagt» når Johan har ansvaret for dette.

Han har hatt fleire verv, var ein av dei ivrigaste som kjempa for at Nye Tungestølen Turisthytte skulle bli bygd oppatt og initiativtakar bak hengebrua mellom Nyestølen og Tungestølen. Ei viktig bru som knyt desse to stølane til kvarande for fotturistar. Men og ei bru som vert endå viktigare no når turisthytta på Tungestølen er komen opp att.

I forbindelse med bygginga av den nye hytta var han ogs ein av dei ivrigaste lokale forkjemparane for dette. Han hadde sjølv arbeidet med å grava ned straumkabelen frå Vårstølen til Tungestølen.

Kandidaten vår er no over 70 år og til tross for uendeleg med dugnadstimar for lag og organisasjonar i heimbygda si Veitastrond, så takka han ja til å gjera «comeback» i styret til Veitastrond Idrettslag.

Det skal også leggjast til at han alltid er ein positiv og ekte JA-mann for bygdi si, Veitastrond. I nominasjonen er det streka under at:

kandidaten vår får kulturprisen for sin innsats for å fremja fysisk aktivitet og friluftsliv.

Kulturprisen skal altså ikkje reknast som tilskot til planlagde oppgåver, men som ei påskjønning.  Det er med bakgrunn i dette at Luster kommune i år har vedteke å gje kulturprisen til deg:   Johan Edvin Hilleren

Saman med eit diplom er kulturprisen også ein gåvesjekk på kr 15 000 og ei blomsterhelsing.