Vedtaket om kommunevåpen vart gjort av Luster kommunestyre i møte den 11. oktober 1989, i sak 130/89, og godkjendt i statsråd ved kgl. res. 20. april 1990.

Inge Rotevatn, Nordfjordeid har teikna og signert flagg, våpen og segl i 1989.

 

Motiv henta frå Urnes stavkyrkje

Motivet med linderanke (bladranke) er henta frå Urnes stavkyrkje, eitt av UNESCO’s World Heritage Monuments (verdskulturminne), som ligg i bygda Ornes i Luster kommune.

Urnes stavkyrkje 4.jpg  Urnes kyrkje ranke.jpg





 
 

Bladranken som motivkrins er i Urnes stavkyrkje eit relativt velkjent motiv. I kapitelmotivet, som ein kan sjå i toppen på kvar av stavane i stavkyrkjekonstruksjonen, er særleg koplinga til slangen som dyr konkretisert ved bruken av slangehovudet (bladet).

Forenklinga som er gjort i det utteikna motivet er grunna i dei heraldiske krava om å unngå overlapping og for å framheva detaljar som ranke og blad.


Fargegodkjenning

for trykk er for Blå = Pantone 022 Process Blue, og for Kvit/sølv = papiret sin kvite farge / event. sølv. Som akvarell er fargegodkjenninga for Blå = 065 Cerulean Blue.

Kommunevåpenet skal på trykk etter regelen aldri presenterast utan namnet til eigaren. Plassering av namnet til eigar er sentrert ut frå høgre, eller sentrert midt under. Font type skal godkjennast av eigar, og hovudregelen er at det skal vera ein fonttype som i form liknar /går att i kommunevåpenet. For Luster kommune gjeld dette runde former i fonten.

Skrifttypar

Dei mest nytta fontane er Serifa Bold kursiv og Boton Bold italic.

For nærare opplysningar, kontakt kultursjef Erling Bjørnetun, tlf.: 57 68 55 21.