Sjølv om Joranger kyrkje ikkje er stor, har ho på avstand noko høgreist og majestetisk over seg, der ho ligg på eit høgdedrag med utsyn mot Lustrafjorden. Her har det lege kyrkje kanskje så langt tilbake som tusen år. Kor lenge veit vi ikkje, like lite som vi veit den faktiske alderen på kyrkja som sår på staden i dag.
Det som kan seiast som sikkert er at Joranger kyrkje er ei av tre kyrkjer frå 1600-talet som finst igjen i Luster frå den tida då gjenoppbygginga etter Svartedauden var i full gang. (Dei andre er Jostedal kyrkje og Gaupne gamle kyrkje).
Når byggjeåret er usikkert, skuldast det ulike opplysningar som kjem fram m.a. på interiøret i kyrkja. Bjelkane i kortaket viser at kyrkja vart dekorert i 1643 og 1652. Altartavla er endå eldre, ho er måla i 1639. Utfrå desse opplysningane er det meir nærliggjande å tru at kyrkja er frå tidleg på 1600-talet, enn frå året som offisielt har vore nytta, 1660.

Type kyrkje: Langkyrkje i tre
Byggeår: Truleg 1620-talet
Byggmeister: Ukjend
Sitjeplassar: 85