Søndag 1.september starta hjortejakta i Luster kommune. Me minnar i den forbindelse om, at sett hjort og felte dyr skal leverast digitalt via appen sett og skutt eller via hjorteviltregisteret.no. I år er det laga ein ny app som må lastas ned via (https://settogskutt.no/login). 

Informasjon om tildelte fellingsløyve, «sett hjort»-statistikk og fellingsresultat for dei siste åra er tilgjengeleg på hjorteviltregisteret.no. Løyva fordela seg mellom kategoriane bukk, kolle, spissbukk og kalv. Det er høve til å skyte kalv i staden for andre aldersgrupper av begge kjønn, ein kan også felle spissbukk i staden for vaksen bukk. Me oppfordrar jegerane til å skyte kalv og ungdyr for bygge opp ein eldre hjortestamme. Bestandsplanområde med godkjent bestandsplan får tildelt frie løyver frå kommunen. 

Fri kalv:

Luster kommune innfører rapporteringskontroll for skotne kalvar over ordinær kvote. Bilde av skutt dyr, samt bilde av heile kjeven skal sendast på e-post til runar.hatlevoll@luster.kommune.no med datomerking. Det skal førast inn som skutt i appen sett og skutt eller på hjorteviltregisteret.no innan jaktdagen er over. Alle kjevar frå kalvane skal takast vare på for kontroll. Kommunen vil ta stikkprøve undervegs i jakta. Rapporteringsplikta er heimla i § 32 i forskrift om forvaltning av hjortevilt 3, ledd.

Aldersanalyse:

I jakta 2024 skal det takast tannprøvar av alle vaksne dyr felt under jakt. Luster kommune ynskjer informasjon om alderen til hjortebestanden vår.  Jegerane skal sjølve ordne med desse prøvane. Informasjon om korleis ein tar prøven er sendt ut til valdansvarleg og utstyr til prøvetaking kan hentast ved infotorget på rådhuset.

Slik skal du telja og føre sett elg og sett hjort:

  • Fylle ut sett elg/hjort-skjemaet kvar dag, også dei dagane jaktlaget jakter utan å sjå dyr.
  • Jaktleder er ansvarlege for registrering av sett elg eller sett hjort-data. Jaktleder kan overlate til ein annan i jaktlaget å fylle ut skjemaet.
  • Alle observasjonar av elg og hjort under jakt skal førast. Dobbeltobservasjonar, det vil sei elg eller hjort som ein trur er observert av fleire jegerar same dag, skal ikkje kansellerast.

Eksempel: ein bestemt elgokse blir sett av to jegerar på kvar sin post under ei jaktøkt. Dette skal registrerast som to sette elg, vaksen hann.

  • Berre dyr som observerast under sjølve utøvinga av jakta skal registrerast. Ser du for eksempel eit dyr frå bila på veg til jakt skal ikkje dette registrerast.
  • Observasjonar av hjort på innmark og observasjonar av hjort på utmark skal føres kvar for seg.
  • Dyr som blir skutt, skal også registrerast som sette dyr.
  • Tal timer som jaktlaget faktisk brukte til observasjon skal føres. Eksempel: eit jaktlag på fire jegerar har jakta i seks timer ein dag. For denne føres 4 jegerar og 6 timar.
  • Jaktdagar der jegerar ikkje ser dyr skal registrerast med tal timar og tal jegerar, saman med 0 sette og 0 skutte dyr.
  • Ved jakt på både elg og hjort skal det registrerast ein jaktdag for sett elg og ein egen jaktdag for sett hjort.

Miljødirektoratet sine veiledningssider for sett og skutt app finn du i vedlagt link: Korleis føre sett og skutt hjort. Det er vert å merke seg at alle må laste opp app på nytt i år grunna oppdateringar. 

Varsling ved skadeskyting:

Kommunen sitt vaktnummer for varsling ved skadeskyting er 90 77 56 56. NB! Kommunen skal varslas ved resultatlaust ettersøk innan utgangen av dagen. Når loven pålegger jegeren å forvisse seg om påskutt dyr er truffet eller ikke, så er dette et svært strengt krav til jegeren/jaktlaget før påskutt dyr kan friskmeldes. Det er kommunen som tar stilling til det vidare ettersøket etter dag 1, dvs. skal ettersøket avsluttes, eller om jeger/jaktlag pålegges videre ettersøk dag 2. Det er kun kommunen som har myndighet til å avslutte et ettersøk etter et skadet hjortevilt (elg, hjort og rådyr). 

Dokumentasjon ved jaktutøving:

Jegerar under jakt må også kunne framvise fylgjande dokument ved kontroll: Våpenkort (fysisk, ikkje godt nok med bilde), jegeravgiftskort, gyldig skyteprøve og dokumentasjon på tilgang til godkjent ettersøkshund.